Lyst til å bli med på dugnad?

Havrefjell Turlag har bruk for folk. Har du lyst til å bli med oss på meiningsfull og triveleg dugnad? Vi har i dag over 500 medlemmar. Av desse deltar 30 - 40 personar kvart år med dugnad for turlaget. Dersom vi skal få ennå meir aktivitet har vi bruk for folk til mange ulike oppgåver. 

Løypemerking: (du får løypemerkekurs).

Oppgradering av turløype Sandtjønn – Gautefallheia: Vi treng folk til rydding, løypemerking, bygging av bru, produksjon og montering av karttavler, montering av skilt langs løypa etc.

Oppgradering av Fransåsenløypa.


Turleiing: (Du får turleiarkurs).


Turleiararar for barn: (Vi tilbyr kurs). Alle må fylle ut politiattest.


Fjellkveldgruppe (4 – 5 personar som arrangerer fjellkveldar).


Medlemmar i arrangementutval (Vi manglar medlemmar frå Nissedal).


Medlemmar i anleggskomiteen: Vi treng praktiske folk som kan arbeide etter DNTs merke-standard og har tid til dugnad. Du får løypemerkekurs.


Informasjon: Vi treng folk som i samarbeid med styret kan skrive om turar vi skal gjennomføre. Skrive referat frå turane. Fotografere. Skrive artiklar til aviser, til heimesidene og Facebook til Havrefjell Turlag, Barnas Turlag Havrefjell og Aust-Agder Turistforening. Skrive artiklar til medlemsbladet Austheiene. m.m.. Målet er å gjere turlaget meir synleg og å få folk ut på tur.


Tiltak blant våre nye landsmenn: Arbeide for å få folk frå andre kulturar ut på tur.

Dersom du har lyst til å hjelpe til med dugnad i Havrefjell Turlag kan du ta kontakt med nokon i styret.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 27. april 2018