Frå novembertur til Havrefjell 20.11.2018

Varden på Havrefjell med snø.
Varden på Havrefjell med snø. Foto: Anne Gunn Østerholt

Me gjekk ein rundtur på Havrefjell i dag om Linken og Varden. Det var dels glatt på fjella, så me gjekk ein del i lyngen. Heile Havrefjellplatået var kledd i lett snø frå i går. Tåka låg og lura over oss, og det blei ei heller kjøleg matpause med varden.

Det var så utruleg vakkert på Havrefjell i dag, med nedisa tre med lange iskrystallar, små frøsne vasspyttar og lett snø som ramla av lyngen ettersom me gjekk.

November har så mykje å by på, for oss turfolk. God tur ut!


Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt

Nedisa furukvistar.
Nedisa furukvistar. Foto: Anne Gunn Østerholt
Grastuvene har snøkåpa på.
Grastuvene har snøkåpa på. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 21. november 2018