Mange på tur i Gjerstadskogane i 2018

Stadig fleire besøker kvart år Statskogen på grensa mellom Gjerstad og Nissedal. Bare i dei 5 toppbøkane til Havrefjell Turlag og Gjerstad IL kunne vi siste året registrere nesten 7000 personar. Det var flest på Drivheia, fulgt av Havrefjell og med Solhomfjell på tredje plass. I kvar bok er det trekt ut vinnarar som får tilsendt tursekk i premie.
Her er resultata for siste år:
Dei som her er registrert er likevel bare ein del av alle dei som kjem hit på tur. Veldig mange frå eit stort distrikt er også på tur i andre delar Statskogen og det store turområdet nord i Gjerstad og over mot Gautefallheia.
Her er det veldig populært å nyte naturen enten du kommer for å bade, fiske, jakte, raste, pele bær eller bare gå tur. Statskogen har 75 km med merka løyper, mange vann med både fisk og gode badeplassar, mange vidsynte toppar i ope fjellandskap og fleire naturreservat. Området nord i Gjerstad og over mot Gautefallheia har for turfolket natur-kvalitetar som vi elles finn i våre nasjonalparkar.
I år blei det bare vinnarar frå nærområdet:
Drivheia: Katrine Fone, Gjerstad.
Havrefjell: Karsten Løite Helgesen, Gjerstad.
Solhomfjell: Astrid Pedersen, Nissedal.
Mjeltenatten: Vemund Wormli, Gjerstad.
Risfjell: Sigurd Bothner, Kragerø.