Frå onsdagstur i Havrefjell Turlag til Åslandsfjellet og Rødsknuten i Gjerstad 08.05.19.

Turleiar Olav Brokeland fortel i tunet på Espevika.
Turleiar Olav Brokeland fortel i tunet på Espevika. Foto: Anne Gunn Østerholt

Turen gjekk frå Fossen/Eikeland til Espevika og inn i skogen. Fin utsikt frå Fløyknatten. Me vandra over Åslandsfjellet med glimt av Holtefjorden. Matpause ved Åsland på stolar eller vedkubbar. Me gjekk vidare langs Åslandselva og opp Brattlidalen til Rødsknuten. Vidt utsyn frå Rødsknuten (206 moh). Ned til bilane om Lilleknuten til Røed.

Takk til turleiar Olav Brokeland for god tilrettelegging, brosjyre og turleiing. Takk til 24 turfolk og sola for gild tur.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Klikk her for å skrive tekst.
Turstart ved Fossen.
Turstart ved Fossen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Fløyknatten mot Midtvannet og Vasstøvannet.
Utsyn frå Fløyknatten mot Midtvannet og Vasstøvannet. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matrast i vedhaugen.
Matrast i vedhaugen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn til Åslandsfjellet mot Holtefjorden.
Utsyn til Åslandsfjellet mot Holtefjorden. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Rødsknuten.
Utsyn frå Rødsknuten. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 9. mai 2019