Opplev panoramautsikten på Langfjell i Nissedal søndag 2. juni

Per Kveim på kanten av Svallto på Langfjell.
Per Kveim på kanten av Svallto på Langfjell. Foto: Olav Jakob Tveit

Alt ligg nå til rette for ei fin oppleving når Havrefjell Turlag innbyr alle til å bli med på fellestur over Langfjell i Nissedal. Ein stor takk til tiltaksfulle dugnadsfolk frå Treungen som sist helg merka og rydda løypa over fjellet. Dette er til glede for alle som vil nyte denne praktfulle utsikten over fagre Nisser.  

Spanande topptur med mykje utsikt. For turvande tøffingar frå omlag 6 år, og for alle som klarer å holde følge med dykk!  10 km med 450 m stigning.

Blir været dårleg / glatte fjell, har vi eit alternativt turmål.

Vaksne kr. 20, barn gratis.

Oppmøte: Kommunehuset i Treungen søndag 2. juni kl. 10.00.

Kontaktperson Tove (40038188)

Les meir her.

Dugnad på Langfjell. Odd Valle, Bjarne Reime, Per Kveim og Oddvar Olsen.
Dugnad på Langfjell. Odd Valle, Bjarne Reime, Per Kveim og Oddvar Olsen. Foto: Olav Jakob Tveit
Olav Jakob Tveit ved Hattjønn på Langfjell.
Olav Jakob Tveit ved Hattjønn på Langfjell.
Arve Aarak og Odd Valle på Langfjell.
Arve Aarak og Odd Valle på Langfjell. Foto: Olav Jakob Tveit

Skrevet av Ole Jakob Bråten 28. mai 2019