Frå onsdagstur til Nyslåttheia i Nissedal 5. juni. 2019

Foto: Spenstig turgjeng.

Turen til Nyslåttheia blei ein lang tur i tåke og blautt føre. Me følgde T-løypa på veg frå Sandtjønn langs Spjotvatn og etter kvart på sti opp liane i skog og på glatte fjell. På høgda med utsyn over Orretjønnane tok me ut i terrenget. Me gjekk langs med tjønnane, over ei grøn blåbærlynghei og snart var me på Nyslåttheia (530 moh).

Nista og kaffen smaka der me rasta ved tjønna. Utsynet mot mange fjell forsvann i tåkehavet. Turen gjekk same vegen attende, med nye inntrykk. 12 erfarne turfolk deltok på turen.

Turleiarane Kåre Dalane og Anne Gunn Østerholt takkar for ein gild tur i tåka.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt

Vakker tjønn.
Vakker tjønn. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matpause for store.
Matpause for store. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matpause for små.
Matpause for små. Foto: Anne Gunn Østerholt
Orretjønnane i tåke.
Orretjønnane i tåke. Foto: Anne Gunn Østerholt
Furutroll på Nyslåttheia.
Furutroll på Nyslåttheia. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 7. juni 2019