Frå onsdagsturen til Morkheia 19.06.2019.

Turstart ved Lundvann.
Turstart ved Lundvann. Foto: Anne Gunn Østerholt

Morkheia (358 moh) er eit langt og skogkledd høgdedrag. Dei 29 turdeltakarane merka at det er bratt opp Lundvassliane frå Lundvann. Hovudmatpausa blei på Stølen, med utsyn over Mjåvann og Vrangvassheia. Løypa gjekk forbi fleire gamle buplassar til uthoppet for paragliding, med vidt utsyn over Trydal og grendene rundt. Siste delen av turen gjekk bratt ned lauvskogen til den gamle skytebanen ved Moen. Her blei sjåførane frakta opp til bilane ved Lundvann.

Takk til turfolket og turleiarane Mary Lie og Kåre Dalane for ein triveleg tur.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt

Lundvassliane.
Lundvassliane. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Stølen mot Mjåvann og Vrangvassheia.
Utsyn frå Stølen mot Mjåvann og Vrangvassheia. Foto: Anne Gunn Østerholt
Tjenna på Morkheia.
Tjenna på Morkheia. Foto: Anne Gunn Østerholt
Takk for turen!
Takk for turen! Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 20. juni 2019