Frå onsdagstur til Åsmyra i Gjerstad 21.08.2019

Gratis overnatting.
Gratis overnatting. Foto: Anne Gunn Østerholt

Haustens første onsdagstur gjekk til Åsmyra innaføre Kleivvatn i Gjerstad. Turen starta frå parkeringsplassen ved Hekkentjenn, og gjekk oppover traktorvegen i skogen til Åsmyra. Hovudrasten var ved Åsmyrbua. Høybua blei restaurert for 10 år sidan. Heimover kom me snart inn på Bispevegen ned til Hekkentjenndammen, og vidare langs Hekkentjenn tilbake til bilane. Det er blautt i skogen for tida. Fleire pela frodige kantarellar langs stien. Takk til turleiar Jostein Vestøl for orienteringar og fin tur. Takk til alle 18 turfolka for god vandring og triveleg samvere.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Litt av soppfangsten.
Litt av soppfangsten. Foto: Anne Gunn Østerholt
Kvovetak på Åsmyrbua.
Kvovetak på Åsmyrbua. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matpause ved Åsmyrbua.
Matpause ved Åsmyrbua. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turleiar Jostein Vestøl ved Hustrusteinen på Bispevegen.
Turleiar Jostein Vestøl ved Hustrusteinen på Bispevegen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Vakkert ved Hekkentjenn.
Vakkert ved Hekkentjenn. Foto: Anne Gunn Østerholt
Balansegang på Hekkentjenndammen.
Balansegang på Hekkentjenndammen. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 23. august 2019