Frå vakker haustdag på Ormfjell og Havrefjell 18.09.2019

Onsdagsturen til Ormfjell og Havrefjell blei ein skikkeleg opptur på alle vis: landskapet, folka og veret! 14 blide folk frå mange stader starta turen i varm haustsol og litt kjølande vind. Me vandra over to toppar: Ormfjell (625 moh) og Havrefjell (638 moh), i eit gulnande haustlandskap. Me rasta ved båe toppane. Utsynet breia seg over heiar og fjell.                                                            

Takk til turleiarane Åse Øygarden og Øystein Øygarden for kart og ein fin tur! Takk til alle turfolka for den gilde turopplevinga ein vakker haustdag!

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Turfolk i haustsol.
Turfolk i haustsol. Foto: Anne Gunn Østerholt
Tjenn før Ormfjell.
Tjenn før Ormfjell. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turleiarane Åse og Øystein Øygarden i pausa ved Ormfjell.
Turleiarane Åse og Øystein Øygarden i pausa ved Ormfjell. Foto: Anne Gunn Østerholt
Møte med tørrpinn.
Møte med tørrpinn. Foto: Anne Gunn Østerholt
Kåre Dalane fortel saftige bjørnehistorier ved Torjushelleren.
Kåre Dalane fortel saftige bjørnehistorier ved Torjushelleren. Foto: Anne Gunn Østerholt
Lekker varde.
Lekker varde. Foto: Anne Gunn Østerholt
Haustleg på Havrefjell.
Haustleg på Havrefjell. Foto: Anne Gunn Østerholt
Andre pausa ved varden på Havrefjell.
Andre pausa ved varden på Havrefjell. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 19. september 2019