Bedre turløyper i Solhomfjell

Nye gangbanar på myr i løypene til Solhomfjell.
Nye gangbanar på myr i løypene til Solhomfjell. Foto: Ole Jakob Bråten

Havrefjell Turlag har nå gjennomført ei opprusting av løypenettet i Solhomfjell. Ein stor takk til Knut Hagelia for veldig mange dugnadstimar. Takk også til Statskog for støtte til arbeidet. Nå kan turfolket gå tørrskodd over blaute myrar, og vi håper at mange vil gå tur i løypenettet frå Heiland og innover i Solhomfjell naturreservat.

I vinter leia Knut gjengen som måte måke og hogge seg fram gjennom snøbrekk i djup snø for å få transportert materialene ut i terrenget. Han har så snekra saman lange rekker med stødige gangbanar på blaute myrar. Til dette arbeidet fekk han også litt hjelp av Reidar Malm.

Brua over bekken frå Karistjenn var falleferdig. Knut har nå bygd ny bru i malmfuru. Her ligg Karibu som er eigd av NJFF Aust-Agder. Dei vil nå ruste opp hytta og leige den ut til jegarar- og turfolk. 

Mange tar turen opp til branntårnet på toppen av Solhomfjell 659 moh. Frå Heiland anbefaler vi tur i blåmerka løype, opp via fagre Maristjenn og tilbake over Gjerstads høgaste topp Marishei 573 moh.

Statskog har støtta tiltaket vårt med 10 000 kr til løypenettet i vår og 5 000 kr til brua nå i haust. Arbeidet er utført etter avtale med Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Agder.

Havrefjell Turlag drifter løypenettet i Solhomfjell og Risfjell. Etter avtale med grunneigar Statskog og vernemyndigheit brukar vi DNT-standard merking.

Ny bru over bekken til Karistjenn.
Ny bru over bekken til Karistjenn. Foto: Knut Hagelia
Foto: Ole Jakob Bråten

Skrevet av Ole Jakob Bråten 26. september 2019