Årsmøte  og fjellkveld i Havrefjell Turlag på Lyngrillen Brokelandsheia torsd. 30. januar 2020 kl. 18 - 21.

Rubenstur.
Rubenstur. Foto: Preben Herregården DNT Telemark

Årsmøtedokumenter er her lagt ut. Kveldens tema er Rubenstur. Dette er DNT Telemarks svært vellukka turopplegg for personar med fysiske funksjonsnedsettingar. Vi får besøk av Ruben Smith, Preben Herregården og Sindre Klakegg Bruflot. Dei vil i ord, film og foto presentere ein gjeng med stor turglede og gi oss mange fine naturopplevingar.

Møtet er ope for alle. Gratis inngang. Enkel servering. Meir info. og årsmøtesaker vil bli lagt ut på: havrefjell.dnt.no

Vi har i 2019 vore gjennom Havrefjell Turlags klart beste år. Rekordoppslutning på både arrangement og dugnad. Vi noterer heile 485 medlemmar. I år takker vi veldig mange for godt lagarbeid. 


Skrevet av Ole Jakob Bråten 25. januar 2020