Føremiddagstur til Løkjefjell 20.01.2020

Me pakka sekken og drog ut på tur ein heilt vanleg måndag. Snøen var borte vekk, men ein januartur kan by på mange fine opplevingar likevel. Det var godt å gå frå parkeringa ved Kleivvatn, og langs grusveg og sti opp til tjenna på Løkjefjell og ut til toppen.

Utsynet frå Løkjefjell breiar seg frå Åsbøgrenda til Risfjell, Solhomfjell og dei kvite fjella på Lifjell bakom alle blånar.

Det er utruleg kor godt osteskjeva smakar ute, og kaffen kvikka opp. Bålet varma meir enn bleik januarsol, og livet var såre godt!

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Tjenna på Løykjefjell.
Tjenna på Løykjefjell. Foto: Anne Gunn Østerholt
Bålstund med nista.
Bålstund med nista. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 25. januar 2020