Frå onsdagstur til Breisåsen og Sandvatn i Nissedal 19.08.2020

Orientering før turstart.
Orientering før turstart. Foto: Anne Gunn Østerholt

Det er gildt å vere i gong att med Onsdagsturar, etter ein turlaus vår. Etter registrering, orientering om smittevernreglar i ei koronatid, turinfo og ein sprut med sprit, var me i gong.

Turansvarleg Kåre Dalane leia flokken på blåmerka løype langs graskledd traktorveg og sti opp ei bratt skogsli før me gjekk gjennom gamal brannskog med grå skulpturelle furutre. Rett før toppen av Breisåsen (427 moh) ligg ei fin lita tjenn. Her er det utsyn mot Skuggenatten og Havrefjell.

Me tok ein god rast med niste og prat på skråfjella ned mot Sandvatn. Turen vidare gjekk på fjell og lyng rundt Sandvatn, og same løypa attende til bilane. Turen er 7 km.

19 trivelege turfolk frå Arendal, Risør og Gjerstad vandra i lag. Takk for turen! Takk til turansvarleg Kåre Dalane for ein trygg tur i variert og vakkert landskap.

 

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Turstart frå Fellevegen.
Turstart frå Fellevegen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Brannskog på Breisåsen.
Brannskog på Breisåsen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Tjenna på Breisåsen.
Tjenna på Breisåsen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Koronavennleg matpause.
Koronavennleg matpause. Foto: Anne Gunn Østerholt
Sandvatn.
Sandvatn. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 21. august 2020