Frå onsdagstur til Risfjell i Gjerstad 02.09.20

Turstart ved Stemtjenn.
Turstart ved Stemtjenn. Foto: Anne Gunn Østerholt

Det blei slik ein varm og fin haustdag på Risfjell. Turen gjekk inn Risfjelldalen og bratt opp stigen langs bekken, til fjella dukka fram og landskapet opna seg opp mot toppen av Risfjell (504 moh).

Etter ei pustepause følgde me løypa vidare på fjell, lyng og myr ned mot Steinhytta, med vidt utsyn mot heiar og fjell. Me unna oss ei god matpause i sola, på fjella ved Steinhytta, før me vandra vidare heimover i lett haustfarga natur. Myrane var temmeleg gule, og liane ned mot bilane ved Stemtjenn lava av blåbær og tyttebær.

Takk til turansvarleg Mary Lie for ein fin hausttur. Takk til 16 trivelege turfolk frå Risør og Gjerstad for godt turfellesskap. Turen er 11 km.

Det er gildt med nye folk på tur, og gildt med folk som kjem att.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Turansvarleg Mary Lie og baktroppansvarleg Kjartan Lie.
Turansvarleg Mary Lie og baktroppansvarleg Kjartan Lie. Foto: Anne Gunn Østerholt
Rødmande tyttebær.
Rødmande tyttebær. Foto: Anne Gunn Østerholt
Informasjon og utsyn undervegs.
Informasjon og utsyn undervegs. Foto: Anne Gunn Østerholt
Vakker tjenn langs løypa.
Vakker tjenn langs løypa. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Kriklifjella mot Heilandsvatnet.
Utsyn frå Kriklifjella mot Heilandsvatnet. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 3. september 2020