Frå onsdagstur til Lindland i Risør 16.09.2020

Turleiar Øystein Lindland ved Granmoen.
Turleiar Øystein Lindland ved Granmoen. Foto: Anne Gunn Østerholt

Det blei ein haustvarm rundtur i skogen på Lindland. Me gjekk mykje på mjuke og nydelege stiar. Det er mange merka turløyper i området. Turen gjekk gjennom skogen til Sandvannshytta, der me kosa oss i sola med niste, bål og utsyn over Sandvann. Praten gjekk godt mellom folk.

Heimover gjekk me over Lomstjennheia med utsyn mot Vierli, og over Timmeråsen med utsyn mot Lindland og Risør. Fleire tjennar blinka i sollyset mellom furutrea.

39 turglade folk frå Gjerstad, Arendal, Tvedestrand og Risør delte gode turopplevingar. Ein gjeng av desse kom frå to lokale vandregrupper på Songe. Turen er 10 km.

Takk til turleiar Øystein Lindland for ein godt gjennomført tur. Det er gildt å vere på tur!


Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Store skiltstølpar viste veg til mange turløyper.
Store skiltstølpar viste veg til mange turløyper. Foto: Anne Gunn Østerholt
Lars Langmyr fortel undervegs.
Lars Langmyr fortel undervegs. Foto: Anne Gunn Østerholt
Rast ved Sandvannshytta.
Rast ved Sandvannshytta. Foto: Anne Gunn Østerholt
Rast ved Sandvannshytta med turleiar bak Knut Vangstad.
Rast ved Sandvannshytta med turleiar bak Knut Vangstad. Foto: Anne Gunn Østerholt
Sandvatn.
Sandvatn. Foto: Anne Gunn Østerholt
Dei mest slitne på turen.
Dei mest slitne på turen. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 18. september 2020