Frå onsdagstur til Marishei i Gjerstad 30.09.20

Etter tre onsdagsturar i godver, fekk onsdagsturen over Marishei eit meir haustleg preg. Det var på det nærmaste opphalds, men tåka gøymde fjella iblant. Stien var blaut, og fjella småglatte, medan myrane var haustleg gulbrune, og lyngen var farga i raude tonar. Enno var det bær og sopp langs stien.
Rundturen på 9 km starta frå P-plassen ved Stemtjenn. Me vandra opp gjennom skogen, og rasta i enden av Maristjenn, før me tok på heimveg over Marishei og ned forbi Lille Karitjenn. Utsynet frå Marishei var mest heilt fråverande i tåka.
Takk for turen til 13 turglade folk frå Risør og Gjerstad. Takk til turansvarleg Åse Øygarden for ein gild tur ilag.
Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.





