Ny gapahuk ved Kleivvann i Gjerstad

Skileikbakken til Gjerstad IL ved Kleivvann.
Skileikbakken til Gjerstad IL ved Kleivvann. Foto: Ole Jakob Bråten

Havrefjell Turlag har nå starta arbeid med ein ny universell utforma gapahuk til friluftsfolket rett under skileikbakken.  Materialar er skore, tomta er grusa og bygget skal reisast sommaren 2021. Gapahuken skal kunne brukast året rundt, og er plassert rett ved skiløypa til Gjerstad IL om vinteren og langs ein lite trafikkert bil- og turveg om sommaren.


Området ligg solvendt og er planert slik at vi om sommaren kan trille rett inn frå bilvegen med både barnevogn og rullestol. Her kan vi også nyte grillmat, skitur og vintersol mens ungane renn i skileikbakken. Gapahuken passar også fint som midtpunkt for KOM DEG UT DAGEN om vinteren.


Prosjektet

Havrefjell Turlag har frå før tatt på seg store og viktige dugnadsoppgåver med anlegg og drift av mange mil med turløyper i våre tre kommunar Risør, Gjerstad og Nissedal. Vi har også fleire aktuelle løypeprosjekt som vi vurderer dersom vi får fleire folk til dugnad.

For å få reist gapahuken, bestemte vi oss derfor for å kjøpe inn litt  fagarbeid. Styret henta inn to forskjellige tilbod. Knut Hagelia sitt tilbod var det klart rimelegaste, og kunne også enkelt slankast meir med bruk av eigenproduserte materialar og større bruk av dugnad.

Knut er frå før ein av dei som gjer mest dugnad i heile turlaget, og vil med glede også hjelpe til med dugnad på prosjektet i tillegg til betalt fagarbeid.

Rune Aasbø Lystad leiar prosjektet. Ståle Waasjø Øylandsdal, Astrid og Ole Jakob Bråten hjelp til med søknader om finansiering.

Dette er eit positivt tiltak for mange og fleire har meldt seg til dugnad.

Grunneigar Jens Martin Marcussen har gitt gratis byggeløyve. Gjerstad kommune har gitt klarsignal til bygging.

Etter at Ole Jakob Bråten gav gratis tømmer, starta den lokale dugnadsgjengen arbeidet. Svein Harry Røed hogg, Olav Aage Haugen køyrte tømmeret til Jacob Haugen. Han skar alle materialane. Olav Aage transporterte så materialar til Rune for tørk i vinter og bjelkane køyrte han ut til Knut. I løpet av vinteren skal Knut lage ferdig reisverket.

Olav Aage og Knut har nå planert tomta. Trydal Maskin har gratis levert to fulle bil-lass med knust grus.


Finansiering

Vi har søkt pengar, og vil søke meir. Ein anonym person har gitt 5000 kr og  Statskog har gitt 10000 kr gjennom ordninga «Statskogmillionen».


2021

Til våren startar vi med dugnad for å reise gapahuken. Den skal byggast i tre og ha ei utforming som glir godt inn i naturen.  Her vil vi ha det søppelfritt og ta godt vare på området.

Ein stor takk til alle dei som hjelper til med dette positive tiltaket.

Tomta til gapahuken oktober 2020.
Tomta til gapahuken oktober 2020. Foto: Foto Ole Jakob Bråten
Kart over ny gapahuk ved skileikbakken.
Kart over ny gapahuk ved skileikbakken.
Gapahuk laga av Knut Hagelia.
Gapahuk laga av Knut Hagelia.
KOM DEG UT DAGEN 2018 ved Kleivvann.
KOM DEG UT DAGEN 2018 ved Kleivvann. Foto: Astrid Haukenes Bråten
Frå KOM DEG UT DAGEN ved Kleivvann.
Frå KOM DEG UT DAGEN ved Kleivvann. Foto: Ole Jakob Bråten

Skrevet av Ole Jakob Bråten 25. oktober 2020