VELLUKKA VILLMARKSTUR I KVENNTJØNNANE NATURRESERVAT

På toppen av Mjeltenatten.
På toppen av Mjeltenatten. Foto: Astrid Haukenes Bråten

Søndag 23. august inviterte Havrefjell Turlag til rundtur i vakkert og urørt landskap i dette reservatet heilt nord i statskogen Gjerstadsskogane. Dei 27 frammøtte blei med på ei vandring mellom idylliske små tjørnar og vide utsiktspunkt heilt opp til toppen av Mjeltenatten.

Etter start nede ved Uvdalsvatnet gjekk vi på T-merka sti bratt oppover lia. Først gjennom frodig urskog, og seinare på bratte svafjell. Sola steika frå blå himmel og det gjorde godt å snart kunne nyte ein sup vatn frå Kvenntjønnane.

Snart tok vi steget ut av stien og følgde ein labyrint av fjellband mellom lyngrenner og mengder av små tjørnar. Røsslyngen stod nå i full blomstring og farga heia i purpur, mens myrane lyste i ulike grønfargar, og var overfylt med knallgul rome. Innimellom stod raud soldogg og fanga små insekt til næring.

På toppen av stupet rett over Uvdalen blei det ei god matpause. Her var det utsikt til branntårnet på Solhomfjell, det bratte Heitfjell og innover den store og urørte Heimdalsheia.

Vi fekk høyre spanande historie om folka i Uvdalen og fekk nyttig informasjon om det store nettet av turløyper i området. Desserten blei inntatt i smakfulle blåbærtuer og vi følgde litt av den gamle Kyrkjevegen frå Uvdalen, før vi la kursen innover Mjeltenattheia.

Her gjekk vi i sikksakk mellom tjørnane, før vi kløyv opp til den vide utsikten på Mjeltenatten (594 moh). Etter å ha skrive oss inn i turboka blei det utdeling av ein pose seigmenn til vinnar av dagens spørjekonkurranse.

Tilbake gjekk det lett på T-merka sti via Kvenntjønnane. Her var det enkelte som tok seg eit bad før turen ned til bilen.

Her er foto frå turen:

Start nede ved Uvdalsvatnet.
Start nede ved Uvdalsvatnet. Foto: Astrid Haukenes Bråten
Bratte fjell opp mot Kvenntjønnane.
Bratte fjell opp mot Kvenntjønnane. Foto: Linda Sandåker
Kort pust og fylling av drikkevatn i Kvenntjønnane.
Kort pust og fylling av drikkevatn i Kvenntjønnane. Foto: Linda Sandåker
Ein del av turen gjekk langs T-løypa.
Ein del av turen gjekk langs T-løypa. Foto: Linda Sandåker
Myrane var stort sett tørre.
Myrane var stort sett tørre. Foto: Linda Sandåker
Vi passerte mange små tjørnar.
Vi passerte mange små tjørnar. Foto: Astrid Haukenes Bråten
Vilt landskap rett over Uvdalen.
Vilt landskap rett over Uvdalen. Foto: Ole Jakob Bråten
Fleire stopp undervegs.
Fleire stopp undervegs. Foto: Ole Jakob Bråten
Litt av den urørte Heimdalsheia.
Litt av den urørte Heimdalsheia. Foto: Linda Sandåker
Det er lett å gå over nakne fjell.
Det er lett å gå over nakne fjell. Foto: Ole Jakob Bråten
Utsikt frå Mjeltenatten.
Utsikt frå Mjeltenatten. Foto: Linda Sandåker
Dei yngste var først på toppen og skreiv seg inn i turboka.
Dei yngste var først på toppen og skreiv seg inn i turboka. Foto: Astrid Haukenes Bråten

Fakta:

KVENNTJØNNANE NATURRESERVAT:

Kvenntjønnane naturreservat på nesten 12 000 mål blei oppretta i 2009 etter forslag frå bl.a. Havrefjell Turlag. Det skjedde då ved at tidlegare Heitfjell naturreservat på 2000 mål blei utvida og fekk namnet Kvenntjønnane naturreservat. Formålet med fredinga er å ta vare på eit tilnærma urørt naturområde med sitt biologiske mangfald av naturtypar, økosystem, arter og naturlege økologiske prosessar. 

For friluftsfolket har området kvalitetar av høgst klasse. Landskapet er variert og vakkert, og pregast av opne fjell og svært mange småtjørnar. Vegetasjonen har det meste frå rik edellauvskog under den bratte lia, til spreidde klynger med eldgamal gran og furu innover heia og øvst med dvergbjørk, rypebær og andre innslag av høgfjellets flora.

Det meste av reservatet ligg i Nissedal, og med ein mindre del i Gjerstad. Tre vassdrag er representert. Det meste av området er øvste starten av Gjerstadvassdraget og renn ut i havet ved Søndeled, mens andre delar renn til både Arendal og Kragerø.

STATSKOGEN GJERSTADSKOGANE

Gjerstadskogane på 135 000 mål (i Gjerstad og Nissedal), er ein av svært få store statsskogar i vår del av landet, og er ein viktig del av vårt felleseige. Her er det natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar. Statskog er ein garantist for friluftsliv til alle. Dersom Gjerstadskogane skulle bli privatisert, kan vi bli møtt av stengte bilvegar og misse retten vår til jakt og fiske.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 23. august 2015