TO HUNDRE 8-KLASSINGAR PÅ OPPTUR

Opptur til Havrefjell i Nissedal 6. mai 2015.
Opptur til Havrefjell i Nissedal 6. mai 2015. Foto: Olav Smestad

Årets store ungdomstur til toppen av Havrefjell 6. mai samla to hundre 8-klassingar frå 6 kommunar til ein dag ute i det fri. I lang rekke vandra dei våryre oppover på sti og fjell saman med klassevener og nye kjente. OPPTUR er Turistforeningens landsomfattande årlege frislepp for ungdom, og blei her arrangert av Havrefjell Turlag og Aust-Agder Turistforening.                

Det var eit stort arrangement når alle 8-klassingar frå Risør, Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Nissedal og Fyresdal kom i bussar og møtast under Havrefjell til årets OPPTUR. Godt leia av lokalkjent turleiar starta turen på god sti og fjell oppover lia. På tross av periodar med både småregn og tåke, kom alle imponerande nok opp til Havrefjellvarden 638 meter over havet.

Det låge skydekket gjorde at ingen kunne sjå den vide utsikten. - Men kva gjer vel det når vi er på tur, nyter fridomen og har det fint saman med andre. Etter å ha svart på spørsmål i ein liten konkurranse, gjekk det lettare nedoverbakke og tilbake til bussane.

Takk til turleiarane Ingrid Felli Sandåker, Olav Smestad, Linda Reiulfsen og Cathrine Bulien Lauvdal.

Gjennom årets OPPTUR blei over 35 000 ungdomar frå heile landet med Turistforeningen ut på tur. Det er første gongen vi har slikt arrangement her hos oss, men det blei ein suksess som bør gjentakast.  

Ein liten spørjekonkurranse.
Ein liten spørjekonkurranse. Foto: Olav Smestad
Ungdommar kom med bussar til Havrefjell frå 6 kommunar.
Ungdommar kom med bussar til Havrefjell frå 6 kommunar. Foto: Olav Smestad
-At alle kom opp var ein skikkeleg OPPTUR!
-At alle kom opp var ein skikkeleg OPPTUR! Foto: Olav Smestad

Skrevet av Ole Jakob Bråten 6. mai 2015