NYTT BARNAS TURLAG I GJERSTAD

Ein del av foreldregruppa til det nye Barnas Turlag i Gjerstad
Ein del av foreldregruppa til det nye Barnas Turlag i Gjerstad Foto: Ole Jakob Bråten

Snart blir det tur, leik og moro for ungar i Havrefjell Turlag! Eit eige Barnas Turlag er starta. Ei entusiastisk gruppe foreldre er nå i gong med å planleggje mange morosame aktivitetar for barn spreitt utover heile året. Her er alle barn med foreldre velkommen ut i naturen. Linda Sandåker er leiar for det nye laget.

På informasjonsmøte om Barnas Turlag på Lyngrillen på Brokelandsheia 16. november møtte det fram heile 17 interesserte. Cathrine Bulien Lauvdal frå AAT som leiar DNT sitt skuleprosjekt og dagleg leiar i AAT Dag Fagermyr informerte om Barnas Turlag.

Det kom raskt fram at her var det både lyst og vilje til å satse på å få barna ut i naturen. Straks var gruppa av foreldre i gong med å planlegge turprogram for året framover. Det blir turar både i Gjerstad og Risør, og kanskje i Nissedal.

Målet med Barnas Turlag er aktivitetar ute i naturen på barnas premisser. Det blir lagt opp til stor variasjon i tema for turane og trivelege opplevingar for barn og foreldre ute på tur året rundt.

Det nye Barnas Turlag skal få godt samarbeid og støtte frå andre delar av Havrefjell Turlag.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 18. november 2015