Frå Onsdagstur til Landsverkområdet i Gjerstad 15.09.21

Turfolk på onsdagstur.
Turfolk på onsdagstur. Foto: Anne Gunn Østerholt

No haustast det i skogen. Regnet forsvann før me starta. Turen blei litt lenger og annleis enn først tenkt, grunna høgt gras og for mange flått over Myråsen.

Turen gjekk forbi plassane Bjellås, Trevoll og Bråtane til Regnfjella, med utsyn over kjørkebygda. I Haukås er det gamle murar. Me følgde stiar og gamle traktorvegar for det meste, i eit frodig skogslandskap.

Turen gjekk vidare om Holstøl til Kleivane, der me rasta i tunet. Folk var holsultne. Kåre Dalane fortalde om Kleivane og folka der. Hjortelusflua blei etter kvart kalli nærgåande. Siste delen av turen gjekk over Igletjennåsen til Osmunddalen og attende til bilane ved Landsverk.

Takk til turleiarane Mary Helena Lie og Silje Haugen for ein god tur. Takk til 16 turfolk for fint turfellesskap. Turen blei 10 km.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Gamle murar på Haukås.
Gamle murar på Haukås. Foto: Anne Gunn Østerholt
Disig utsyn frå Regnfjella.
Disig utsyn frå Regnfjella. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turleiarane frå høgre Mary Helena Lie og Silje Haugen.
Turleiarane frå høgre Mary Helena Lie og Silje Haugen. Foto: Anne Gunn Østerholt
Nedfallsskog.
Nedfallsskog. Foto: Anne Gunn Østerholt
Rast i tunet på Kleivane.
Rast i tunet på Kleivane. Foto: Anne Gunn Østerholt
Igletjenn.
Igletjenn. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 15. september 2021