Frå Onsdagstur til Moskam i Nissedal 29.09.21

Turgjengen før start innaføre Skåli.
Turgjengen før start innaføre Skåli. Foto: Anne Gunn Østerholt

Utruleg nok blei det tur i opphaldsver, midt i ei regntung veke. Sola glimta til så vidt. Turen gjekk på god sti innover gulbrune og blaute myrar, og i område med fargerik lyng med blåbær og tyttebær. Etter kvart stig det brattare opp gjennom skogen, og utsikten aukar.

Litt før toppen delar løypa seg, og me gjekk ned på myra ved Skartjønn, og opp langs Moskam. Fjelltoppen Moskam (519 moh) er som namnet seier ein kam eller egg, med skog på eine sida og bratt stup mot søraust. Moskam er ingen regnversegg, men det gjekk fint å gå på delar av eggen, og kjenne suget mot avgrunnen. På toppen opnar det seg 360 gr utsikt over fjell, heiar og vatn.

Etter ei god matpause gjekk me ein sving på toppområdet, før stien ned att til bilane.

Takk til turleiarane Kåre Dalane og Jan Vidar Østerholt for ein fin tur. Takk til 20 turfolk for godt turfellesskap. Turen er 5 km.

Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.

Bekken frå Kalstadtjønna.
Bekken frå Kalstadtjønna. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turleiarane Kåre Dalane og Jan Vidar Østerholt.
Turleiarane Kåre Dalane og Jan Vidar Østerholt. Foto: Anne Gunn Østerholt
Akvarellaktig hauststemning.
Akvarellaktig hauststemning. Foto: Anne Gunn Østerholt
Eggen på Moskam.
Eggen på Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turfolket på Moskam.
Turfolket på Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Moskam.
Utsyn frå Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 30. september 2021