Turtreff på dagtid

AAT-turar på dagtid arrangerer turar på dagtid i Arendal/Grimstad-området. I Havrefjell Turlag er det Onsdagsturar i våre tre kommunar. Begge gruppene har turar i sommarhalvåret, og pause om vinteren. Vi har no gått saman om det vi kallar Turtreff på dagtid. Det er eit tilbod til folk som ønskar å kome saman og dele turgleder og opplevingar i vintermånadene. Vi har fått leigd Dalen Misjonshus (Dalenveien 565, Arendal), og skal ha 5 treff i månadane november til mars. Det blir ei uformell samling med eit føredrag eller kåseri om eit turområde eller oppleving. Folk tar med niste sjølve, og det blir pause med tid til skroll og høve til å ta opp aktuelle saker. Alt er gratis.

Første samling blir tirsdag 23. november kl 11. Olav Jakob Tveit vil vise bilete og fortelje om: Alle dei fine toppane, stiane og turane rundt Nisser.

Alle er hjerteleg velkomne!

Skrevet av Ole Jakob Bråten 17. november 2021