Nytt kart og skilter til skiløypene Vestøl - Kleivvann-  Drivheia

Her kan du laste ned det heilt nye kartet over skiløypene til Gjerstad IL som nå er produsert på dugnad av Finn Pettersen. Jostein Vestøl har montert stort stadionkart på gapahuken ved Eldstemyr. Knut Hagelia skal laga karttavle for stadionkart ved det nye skianlegget og Jakken Haugen skal montere slikt kart ved Kleivvann. 10 kart i A4-format vil også bli hengt ut i løypekryssa. Alle karta er trykt på aluminium og betalt av Finn Pettersen. 

Ole Jakob Bråten frå Havrefjell Turlag har bidratt med innspel, redigering av sporloggar, stadnamn og korrektur.

Turlaget samla tidlegare i år inn pengar til ny gapahuk ved Kleivvann og skilt i området. Skilta har vi nå fått laga. 11 skilt til skiløypene med logo for Gjerstad IL, og 4 skilt (gapahuken og sommarløype) med logo til Havrefjell Turlag. Skilta vil snart bli montert.

Velkommen ut i dei flotte skiløypene!

Skrevet av Ole Jakob Bråten 31. desember 2021