Bli med på Topptur Nissedal

Tone Margit og Geir Tveiten på tur.
Tone Margit og Geir Tveiten på tur. Foto: Hild Riseth Fjone

1. april startar årets topptursesong. ☘️ Topptur Nissedal byr på 40 ulike toppar fordelt på heile kommunen, så du skal kunne finne turar som er nær deg, og kanskje etter kvart prøve deg på ukjente toppar fleire stader i kommunen? 


Premien for deltaking når du har gått 10 ulike toppar er som vanleg betre form og ein flunkande ny t-skjorte med nytt design for 2022.

Du kan registrere turen din på skjema som du finn i brosjyre som ligg ute i kommunens butikkar, bensinstasjon og campingplassar og skrive deg inn i bøker på toppane, eller bruke Telltur.

Sjå her for å lage deg ein brukar for registrering av toppar: https://www.telltur.no/

Vi har ein eigen konkurranse på Telltur som heiter Topptur Nissedal og som ligg under Friluftsrådet sør: https://www.telltur.no/friluftsrad/sor

Informasjon om toppane finn du på kommunens heimeside: https://www.nissedal.kommune.no/toppturloeyper-for-2022...

Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Difor er vi i Topptur Nissedal opptatt av sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlater deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:

1. Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andres søppel

2. Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim

3. Brenn bål berre når det er lov, og bruk gamle bålplassar om det er. Ikkje brenn bål på svaberg.

4. Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall

5. Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur.

6. Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.

Kos deg med fantastiske naturopplevingar og alt det gode naturen gjer for kropp og sinn, og så håpar vi å sjå deg i ny t-skjorte etter kvart.

God tur ☀️

Med helsing Toppturgruppa

Foto: Hild Riseth Fjone

På bildet ser du Tone Margit og Geir Tveiten på tur.

Facebook: Topptur Nissedal | Facebook

Skrevet av Ole Jakob Bråten 8. april 2022