Fra onsdagstur til Loftshei i Risør 4. mai

Den planlagte turen til Røedsknuten gjekk ut pga skogshogst. Rundturen til Loftshei starta frå Vormelivegen/Kvernvika, og gjekk på veg langs Vormlitjenna og etter kvart på kupert sti i skogen til Fiskebuvika. Me gjekk oppover vegen forbi Østre Røed, og tok så bratt sti i skogen opp til toppen av Loftshei. Det blei ei god matpause i og ved gapahuken, med vakker utsikt over Sørfjorden.
Heimover gjekk me på fine stiar i skogen ned til Vormlitjenna, og vegen tilbake.
Takk til turleiarane Åse og Øystein Øygarden for ein fin tur. Takk til 18 turglade folk for godt fellesskap. Turen er 8 km.
Tekst: Anne Gunn Østerholt. Bilete: Kåre Dalane.



