Mange på tur i Gjerstadskogane siste år.

Havrefjellvarden.
Havrefjellvarden. Foto: Ole Jakob Bråten
Siste år var det flest på Havrefjell.

I friluftslivets år 2015 har det vore stor bruk av det fine løypenettet i Gjerstadskogane (i Gjerstad og Nissedal). Inne i statskogen er det 75 km med merka turløyper. På dei 5 toppane inntil løypenettet der Gjerstad IL og Havrefjell Turlag har turbok er siste års besøk nå telt opp.

Det blei ny rekord både på Havrefjell med 2800 registrerte, og ved Branntårnet på Solhomfjell med 883. På Risfjell og Mjeltenatten har det også vore eit av dei beste registrerte åra med 232 og 187 besøk.

Sist vinter blei det på grunn av lite snø ikkje kjørt skiløype til toppen av Drivheia, og bare 172 er registrert der. Men dit venter vi folk som vanleg vil kome i tusenvis straks det blir nok snø til løypekjøring.

TREKKING I TURBØKANE

Dei som er registrert på toppane er bare ein del av alle dei som dyrkar friluftslivet i Gjerstadskogane. Vi ser at folk frå eit stadig større distrikt oppdagar våre unike naturverdiar.

Vinnarar i turbøkane er nå trekt ut, og det blei Morten Seland frå Bamble, Synnøve Wåsjø Kjuus frå Ski, Tor Åsulfsen frå Kragerø, Steinar Solum frå Horten og Wenche Hageli Henriksen frå Risør. Dei vil få tilsendt premie.

FRILUFTSLIVET ER I MEDVIND!

Havrefjell Turlag har hatt eit av sine beste år, med heile 440 registrerte medlemmar, stor oppslutning på fellesturar og mykje utført løypedugnad.

Den viktigaste hendinga for det lokale friluftslivet var utan tvil stiftinga av Barnas Turlag, som alt har fått ein pangstart, og som har fullt av planar for spanande aktivitetar i 2016. Vi ser tydeleg at interessa for tur og friluftsliv er aukande.

Nå er det snart romjul og fridagar og litt mogelegheit til å nyte naturen. Vårt juleønske er nå snø og skiføre, slik at Gjerstad IL snart kan servere oss fine skiløyper ved Kleivvann.

Branntårnet på Solhomfjell.
Branntårnet på Solhomfjell. Foto: Ole Jakob Bråten

Skrevet av Ole Jakob Bråten 18. desember 2015