Årsmøte i Havrefjell Turlag og tur til Canadas villmark

Jekke ved Horton Lake.
Jekke ved Horton Lake. Foto: Rolf Philstrøm

Onsdag 27. januar kl. 18.00 Lyngrillen, Brokelandsheia. Alle er velkommen. Gratis inngang. Enkel servering.

Jekke og Rolf virkeliggjorde kanodrømmen i Canada.

Inspirert særlig av Helge Ingstad og Jack Londons fortellinger virkeliggjorde Rolf Pihlstrøm og Jekke Liby en mangeårig drøm i  villmarka i Northwest Territory i Canada. I juli 2004 la de sivilisasjonen bak seg for å padle 600 km i kano på Horton River fra Horton Lake til Franklin Bay på kysten av Beauforthavet. Etter en 3 timer lang flytur over øde villmark fra Inuvik ble kanoen sjøsatt på Horton Lake sent på kvelden 2. juli, og eventyret kunne starte.

På Havrefjell Turlags årsmøte viser de lysbilder og forteller fra kanoturen på elva og fra den etterfølgende 2 måneder lange rundreisen i Northwest Territory, Yukon, British Colombia og Alaska.

PROGRAM:

   - Val av møteleiar.

   - Godkjenning av innkalling.

   - Val av referent.

   - Val av to frå årsmøtet til å underskrive protokollen.

1.       Årsmelding.

2.      Regnskap.                                                                         

3.      Driftsbudsjett.

4.      Val.

5.      Saker eller forslag frå styret eller medlemmer

6.      Presentasjon av turprogram for 2016.

7.      Lysbiletefordrag av Rolf Philstrøm og Jekke Liby.

8.      Eventuelt.

Sak. 1 ÅRSMELDING FOR HAVREFJELL TURLAG 2015.

Årsmøtet blei haldt 27. januar på Lyngrillen på Brokelandsheia. Frode Lindland tok oss i ord og bildar med på ei inspirerande friluftsreise.

Styret fekk slik samansetjing:

Leiar: Ole Jakob Bråten.

Styremedlemer: Ingrid Felli Sandåker, Tone Ellingsen, Bodil Haugstveit Naume og Anne Drage.  

Varamedlemer: Helge Wroldsen og Knut Hagelia.

Valkomité: Lars Lindstøl (leiar), Reidar Malm og Unni Britt Hansen.

Revisor: Tore Skarvang.

Styret valde Astrid Haukenes Bråten til kasserar. Styret har hatt 2 møter.

Leiar har deltatt på årsmøtet og 2 styremøter i AAT, på møte i Fyresdal om nytt turlag og på feiring av AAT sitt 125-års jubileum på Mjåvasshytta. Artiklar er levert til jubileumsbok for AAT.

Friluftsrådet Sør er hjelpt i eit større arbeid med å få ferdig nye flotte turkart i målestokk 1 : 25 000 og turguide for heile kommunen i både Nissedal og Gjerstad. Kartet i Nissedal blir ferdig i vinter, mens Gjerstad får kart i løpet av våren.

Friluftslivet er i medvind, stadig fleire vil ut på tur og mange deltar i arbeid for turlaget.

Styret har følgjande underutval:

Arrangementutval: Tone Ellingsen (leiar), Ingrid Felli Sandåker, Bodil Haugstveit Naume og Anne Drage.

Anleggsutval: Helge Wroldsen (ansvarleg for Gjerstad og Nissedal), Haakon Brøndelsbo (ansvarleg for Risør), Svein Rosland, Olav Brokeland og Knut Hagelia.

Fjellkveldgruppe: Anne Gunn Østerholt, Kåre Dalane, Astrid Haukenes Bråten, Arne Gryting og Anne Marie Gryting. 

BARNAS TURLAG HAVREFJELL

Det viktigaste i år var utan tvil stiftinga av Barnas Turlag Havrefjell. Initiativet blei tatt av Linda Sandåker, som i 2015 gjennomførte turleiarkurs og hadde mange idear for å få ungane ut på tur. Ho er leiar av laget og har fått med seg mange interesserte foreldre. Første turen blei ein pangstart med 111 på kveldstur til Kleivvann. Stor aktivitet er planlagt for 2016, med turar i både Risør, Gjerstad og Nissedal.

TURLØYPER OG DUGNAD:

Det er i år utført mykje løypedugnad:

Ny løype

Bispevegen i Gjerstad blei rydda og blåmerka 2 km frå Vegvisaren til Hekkentjenndammen. Det betyr at vi nå har ei merka løype herifrå og heilt fram til Spjotvatn i Åmli.

Vedlikehald

Årleg vedlikehald blei utført i den  T-merka løypa frå Sandtjønn til Gautefallheia (23 km), i løypene i Risfjell (10 km) og i Fransåsenløypa (12 km).

I Solhomfjell har det meste av løypenettet i år fått ei nødvendig oppgradering. Fadderordning for løypestrekningar er her innført. Heile 15 km blei rydda og blåmåla på nytt, vardar blei restaurert og supplert, og blåmerking blei fjerna der den gjekk parallelt med raud T-merking.

MANGE BRUKAR LØYPENE

Nesten 4274 er det siste året registrert i løypenettet i Gjerstadskogane på dei 5 toppane der vi har turbøkar saman med Gjerstad IL.

  • Drivheia: 172 (Lite snø, og ingen oppkjørt skiløype)

  • Havrefjell: 2800 (Ny rekord)

  • Solhomfjell: 883 (Ny rekord)

  • Mjeltenatten: 187 (Bra)

  • Risfjell: 232 (Ny rekord)

    Ein person frå kvar bok er trekt ut, og har fått tilsendt premie. Turboka på Fransåsen er godt besøkt. Vi får mange positive tilbakemeldingar om godt løypenett og vakker natur.

MEDLEMSTAL: 440. (Vårt nest beste år).

INFORMASJON

Turprogrammet blei trykt i eigen foldar i 3000 eksemplar, sendt ut i posten til medlemmane, lagt ut i våre tre kommunar der folk ferdast og på diverse oppslagstavler.

Turane blei også annonsert i Naturlos-brosjyra frå Friluftsrådet Sør. Vi har aktivt brukt Aust-Agder Blad og Vest-Telemark Blad og internett til å reklamere for våre arrangement.

Vi har nå laga ny heimesida som er betre tilpassa mobiltelefon og nettbrett: https://havrefjell.dnt.no/

Om vinteren har vi alltid ferske førerapportar frå skiløypene til Gjerstad IL ved Kleivvann. Dette har i store delar av skisesongen gitt oss rundt 200 besøk pr. døgn på sida vår, noko som er mykje meir enn det som er vanleg på turistforeningens nettsider. Vi har også link på heimesida til andre skiområde i våre tre kommunar.

Gjennom samarbeid med Friluftsrådet Sør har vi nå på heimesida lagt opp link til GPS-sporlogg av løypemaskina ved Kleivvann, og passeringar i løypa pr. dag ved Kleivvann i Gjerstad (om vinteren), ved Havrefjell i Nissedal (om sommaren) og heile året i Urheia i Risør. Turlaget er nå også blitt registrert med side på Facebook: https://www.facebook.com/Havrefjell

ARRANGEMENTER

Dato

Arrangement og turleiarar

Frammøte

27. januar

Årsmøte. Tema Friluftsreise. Frode Lindland. Lyngrillen.

50

31. januar - 1. februar

Overnatting med feiring av Friluftslivets år. Kleivvann. (Saman m. Gjerstad kommune).

Astrid Haukenes Bråten.

17

1. februar

KOM DEG UT DAGEN. Kleivvann. (Saman m. Gjerstad IL og Gjerstad kommune). Styret i HT.

200

12.mars

Fjellkveld: Arnulf Møllerstad.

Abel U.skole. Fjellkveldgruppa.

48

2.april

Skjærtorsdag ved Kleivvann.

(Saman. m. Gjerstad IL og Gjerstad Menighetsråd).

Olav Smestad og Tone Ellingsen.

70

26.april

Holdensknuten.Grunde Hannemyr.

23

29.april

Planlegging av dugnad, Lyngrillen.

Helge Wroldsen.

6

6.mai

Opptur for alle 8. klassingar i Risør, Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Nissedal og Fyresdal til Havrefjell.

Ingrid Felli Sandåker, Olav Smestad,

Linda Sandåker, Cathrine Bulien Lauvdal m.fl.

200

6.mai

Løypedugnad Stemtjenn.Helge Wroldsen.

11

14.juni

Vasstøvannet rundt.

(Saman m. Gjerstad Historielag). Olav Brokeland.

35

21.juni

Topptur til Kronfjell.

(Saman m. Telemark Turistforening). Oddvar Olsen.

33

27.juni

Aust-Agder Turistforening 125 års jubileum på Mjåvasshytta.

50

23. august

Rundtur i Kvenntjønnane naturreservat.

Ole Jakob Bråten, Astrid Haukenes Bråten,

Linda Sandåker og Knut Hagelia.

27

4. - 6. sept.

Stand på Brokelandsheiadagene.

Saman med AAT og TVT. Styret i HT.

Mange

6. september

KOM DEG UT DAGEN. Brokelandsheia - Klavfjell.Helge Wroldsen.

20

13. september

Gjerstadmarsjen frå Holmen Gård.

(Saman m. Gjerstad IL). Hege Aasbø.

48

27. september

Guida for Kragerø Turistforening til Solhomfjell.Astrid Haukenes Bråten.

14

4. oktober

Guida for Grestjønn vel til Risfjell.

Ole Jakob Bråten.

4

14. oktober

Fjellkveld: Arild Pfaff, Statens Naturoppsyn. Abel U. Skole. Fjellkveldgruppa.

30

16. november

Stifting av Barnas Turlag Havrefjell. Lyngrillen.

Linda Sandåker, Cathrine Bulien Lauvdal,

Dag Fagermyr og Ole Jakob Bråten.

 17

29. november

Barnas Turlag Havrefjell. Refleks-/kveldsmattur. Kleivvann.

Susan Sandåker, Linda Trydal og Erling Ausland.

111

Vi har fått gode tilbakemeldingar frå arrangementa våre, som samla i gjennomsnitt 47 deltakarar. (Totalt ca. 950 deltakarar).

TAKK

Ein del av turane har vi arrangert i samarbeid med andre organisasjonar. Takk derfor til Gjerstad IL, AAT, Tvedestrand og Vegårshei Turlag, Telemark Turistforening, Gjerstad Historielag og til Gjerstad Menighetsråd. Slike fellesarrangement er viktige for å få med oss så mange.Vi har også i år møtt stor velvilje i vårt arbeid, og vil her sende ein takk for hjelp og samarbeid til DNT, Risør-, Gjerstad- og Nissedal kommunar, Friluftsrådet Sør, Tvedestrand Boktrykkeri, private grunneigarar og Statskog, og til alle dei andre som har deltatt i arrangement og dugnadsarbeid for Havrefjell Turlag i 2015.Ein spesiell takk til fjellkveldgruppa som nå slutter av etter 7 aktive år med interessante temakveldar og etter å ha hatt ansvar for fleire overnattingsturar. Fjellkveldane har samla mange folk og vore viktige for laget. Vi må nå sjå på om det er mogeleg å få til fleire fjellkveldar i åra framover.

MÅL

Alt for mange menneske har i dag eit stillesitjande liv. Vår viktigaste oppgåve er å få folk ut på tur og gi dei rikelig med mosjon og naturoppleving. Den viktigaste utfordringa som står att er å få med oss fleire barn og ungdomar. Vi må derfor støtte godt opp om Barnas Turlag. 

Sak 2.  Havrefjell Turlag Rekneskap 2015.

Sak 3.  Driftsbudsjett

Noter til driftsbudsjettet:

Arrangement: Utgiftene gjelder først og fremst annonsering, enkel bevertning og til aktivitetar for barn. På inntektssiden kommer deltakerpenger kr. 20 pr. voksen og ”kaffepenger” på fjellkvelder.

Møtekostnader: Enkel servering til styre-, utval- og medlemsmøtar.  

Sak 4.  Val.

Her er dei som er innstilt frå valkomiteen (tykk skrift) og dei som ikkje er på val i år:

Styret:

Leiar: Ole Jakob Bråten, Gjerstad, (veljast for 1 år).

Styremedlem: Anne Drage, Risør, (veljast for 2 år).

Styremedlem: Ragne Abrahamsen, Risør, (veljast for 2 år). (Ny).

Styremedlem: Ingrid Felli Sandåker, Nissedal, (på val 2017).

Styremedlem: Bodil Haugstveit Naume, Risør, (på val 2017).

Varamedlem: Helge Wroldsen, Gjerstad, (veljast for 1 år).

Varamedlem: Knut Hagelia, Gjerstad, (veljast for 1 år).

Valkomité:

Lars Lindstøl, Risør, (veljast for 3 år).

Reidar Malm, Gjerstad, (på val 2017).

Unni Britt Hansen, Nissedal, (på val 2018).

Revisor:

Tore Skarvang, Risør, (veljast for 1 år).

Skrevet av Ole Jakob Bråten 13. januar 2016