Velkommen til våre turløyper

Solhomfjell naturreservat.
Solhomfjell naturreservat. Foto: Ole Jakob Bråten.

Havrefjell Turlag har avtale med grunneigar Statskog og merker skånsamt og tydeleg etter DNT standard og etter verneforskriftene for naturreservata. Vi ber om at ingen merkar i løypene på eiga hand.

Vi oppdaga i fjor at nokon har merka på eiga hand i løypene i Solhomfjell og Risfjell, med anna farge og rett på fjella slik som vi alltid skal unngå. Dette er sikkert gjort i god meining, men vi ber om at all merking av løypene blir gjort ut frå avtalen som Havrefjell Turlag har med Statskog. Vi ber derfor om at ingen merker på eiga hand, men heller tar kontakt med Havrefjell Turlag og blir med oss på dugnad.

Slik kan vi halde god og sikker merking av løypene utan at det skal skjemme naturen. Vi brukar nå lyseblå farge, merkar aldri rett på fjell, merkar ikkje på toppstein på vardane (desse kan falle av) o.s.v. Vi ber også om at folk lar den lille toppsteinen ligge på toppen av varden. Den er til for å vise betre silhuett i tåke.  

GOD TUR I LØYPENE!

For å informere har vi nå på oppslagstavler ved løypene satt opp denne plakaten: 

Skrevet av Ole Jakob Bråten 3. mai 2016