Bli med til Havrefjell

Havrefjellvarden.
Havrefjellvarden. Foto: Astrid Haukenes Bråten.
Onsdag 4 mai blir det OPPTUR for 200 åttandeklassingar

og søndag 8. mai blir det

tur med Barnas Turlag

. Velkommen ut på tur.               

Nå er det fint på Havrefjell!

Turen opp frå Sandtjønn går for det meste på svafjell. Oppe ved den gamle Havrefjellvarden er det vid utsikt. Skriv deg inn i turboka og bli med på trekking av gevinst.

Nymerka løype

Det er Sandtjønnlia Vel som har ansvar for løypenettet i Havrefjell. Løypa frå Sandtjønn til Havrefjellvarden og ned att om Spjotvassklova blei i fjor haust blåmerka på nytt til glede for turfolket. Takk til Tove og Leif Inge Urfjell.

Telleapparat

Telleapparatet til Friluftsrådet Sør som i vinter har stått i skiløypa ved Kleivvann, er nå etter avtale med grunneigar Statskog flytta til løypa mellom Sandtjønn og Havrefjell. Der skal det stå i sommarsesongen og til vinteren på nytt ved Kleivvann. Havrefjell Turlag drifter apparatet. Daglege passeringar i ein retning i løypa kan lesast på vår heimeside: https://havrefjell.dnt.no/

Skrevet av Ole Jakob Bråten 3. mai 2016