214 åttandeklassingar på OPPTUR til Havrefjell

På OPPTUR til Havrefjellvarden 3. mai. 2017.
På OPPTUR til Havrefjellvarden 3. mai. 2017. Foto: Olav Smestad.

Heile 214 åttande-klassingar frå Risør, Gjerstad, Tvedestrand, Vegårshei, Åmli og Nissedal var 3. mai med på årets OPPTUR til Havrefjellvarden i Nissedal. I strålande sol gjekk ungdommane i lang rekke oppover fjella mellom dei siste restane av snø fram til målet 638 meter over havet. Det blei ein fin dag ute i det fri. I tillegg til ungdommane var det med 21 lærarar og 3 turleiarar. Arrangørarar var Havrefjell Turlag og Aust-Agder Turistforening

På veg oppover fjella.
På veg oppover fjella. Foto: Olav Smestad.
Bussane kom frå 6 ungdomsskular.
Bussane kom frå 6 ungdomsskular. Foto: Olav Smestad.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 11. mai 2017