Frå turen opp «bakvegen» til Havrefjell

Opp frå Løytesdalsfjellet.
Opp frå Løytesdalsfjellet. Foto: Ole Jakob Bråten.

Søndag 7. mai blei 40 med på tur i den spanande løypa opp via Løytesdalsfjellet og Ormfjell til Havrefjellvarden. Turen blei leia av Leif Inge og Tove Urfjell frå Sandtjønnlia Vel. Dei to har lagt ned eit stort arbeid for å rydde og merke denne turløypa, som første gong blei merka av Gjerstad kommune i 1994. Morten Røed som er leiar i Havrefjell Turlag gav dei før start ein takk for dugnadsarbeidet som vil glede så mange, og overrekte dei ei greinsag.

I bakkane opp Løytesdalsfjellet blei det stadig betre utsikt, før vi kunne slenge oss ned bak eit lite fjell i god ly for vinden og nyte nista. Undervegs blei det fortald om natur og historie. Etter å ha gått ned til Gråndalen blei det ny stigning opp til Havrefjell. Her gav Nils Olav Sunde oss informasjon om Statskog, som har friluftsliv for alle som eit av sine hovudmål. Etterpå blei det quizz og vinnarane fekk Statskog sine trekoppar i premie.

Ei lita regnskur kom då vi gjekk fjella tilbake ned til Sandtjønn. Dette er ei vakker og variert rundløype på 10 kilometer som vi vil anbefale å prøve for deg som vil opp til Havrefjell. Turen blei arrangert i godt samarbeid mellom Havrefjell Turlag, Statskog og Sandtjønnlia Vel.

Morten Røed takker Leif Inge og Tove Urfjell.
Morten Røed takker Leif Inge og Tove Urfjell. Foto: Ole Jakob Bråten.
Nistepause i ly på Løytesdalsfjellet.
Nistepause i ly på Løytesdalsfjellet. Foto: Ole Jakob Bråten.
Astrid Haukenes Bråten informerer.
Astrid Haukenes Bråten informerer. Foto: Ole Jakob Bråten.
Siste pausa på Havrefjell.
Siste pausa på Havrefjell. Foto: Ole Jakob Bråten.
Nils Olav Sunde frå Statskog.
Nils Olav Sunde frå Statskog. Foto: Ole Jakob Bråten.
Kart over turen.
Kart over turen.
Høgdeprofil over turen.
Høgdeprofil over turen.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 11. mai 2017