Bispevegen i Gjerstad

Start: Kjør inn ved Kleivvann i Gjerstad. Hald til venstre ved gapahuken rett etter Kleivvann og følg vegen 1,1 km fram til liten parkeringsplass og skilt for Bispevegen. Her startar Bispevegen som er nymerka og rydda (7 km) fram til grensa mot Nissedal av Ragna Lunden og Mona Hoel frå Havrefjell Turlag i 2020.
Du kan følgje Bispevegen på blåmerka og rydda sti, via den gamle buplassen Vefall, forbi Hekkentjenndammen, opp til Hustrusteinen, innover til Langvann, der du kan bade og fram til Vegårsheiløypa ved Ovnen.
Derifrå kan du følgje Vegårsheiløypa på blåmerka sti til Vedlausfjell 517 moh i Nissedal, eller til Trandlemyrane på Vegårshei.
Om Bispevegen
Dette er ein del av den vegen som biskopane i Stavanger med sitt følgje brukte når dei skulle sjå til sine undersåtter her lengst aust. Den siste katolske biskopen som kom denne vegen var Hoskuld Hoskuldson i 1514. Heilt fram til 1682 var kyrkja i Gjerstad underlagt biskopen i Stavanger.
Vefall:
Ennå ser vi husmurar, steingjerde, rydningsrøyser og restar av kulturlandskap frå denne staden der det budde folk mest heile 17- og 1800 talet.
Hekkentjenndammen:
Her ligg dammen som er bygd for å stemme opp Hekkentjenn, for å få nok vatn til tømmerfløyting vidare nedover i Vegårsvassdraget.
Hustrusteinen
På toppen av Åskleivane ligg Hustrusteinen, der biskopens hustru kunne stige av hesten og gå rett inn på steinen. (Paven i Roma var så langt vekk, at ikkje alle norske biskopar alltid var så nøye med sølibatet).
Kjetil Løite fortalte at steinen også blei kalla Hoskuldsteinen, og at det har blitt fortalt at ein træl (ein slave) ein gong blei ofra her.
Åsmyrbua
Rett forbi Åsholet er det knappe 300 meter ned til Åsmyrbua. (Ned dit er det ennå ikkje merka sti). På restane av den gamle høybua frå 1876, blei det etter initiativ frå Jostein Vestøl bygd kopi av den gamle bua i 2008. Havrefjell Turlag var med på dugnaden. Bua står open for alle. Løft av lemmen, stig inn og skriv deg inn i turboka.
Langvann
Her kan du bade. Grensa mellom Gjerstad og Vegårshei går i vatnet.
Ovnen
Her går grensa mellom Gjerstad og Vegårshei i Agder og Nissedal i Vestfold og Telemark. Denne stein-varden som liknar ein omn, er nok ei gamal grenserøys.
Bispevegen vidare mot Åmli blei merka fram til Spjotvasslia like ved grensa til Åmli siste gong i 2014, og kan nå vere vanskelegare å følgje. Dugnadsfolket frå Havrefjell Turlag vurderer merking vidare, og kjem til å legge inn beskjed her dersom dette blir gjort. Forbi Trælvatn og Brøkane ligg Biskopstolen der biskopen kunne kvile.







Frå 500-års jubileumsvandringa til Havrefjell Turlag og Gjerstad Historielag i 2014. Eit halvt år-tusen etter at den siste katolske biskopen Hoskuld Hoskuldson reiste forbi hausten 1514. Fire prestar leia Gudstenesta ved Biskopstolen. Frå venstre sokneprest Olav Hofsli (Gjerstad), katolsk kapellan og studentprest Haavar Simon Nilsen (Oslo), prost Asgeir Sele (Bø) og sokneprest Steinar Nordlie (Åmli).


Kart over området: Turkart Gjerstad frå Friluftsrådet Sør
Les meir om historie og natur i dette området i boka På tur Gjerstadskogane - Gautefallheia, utgitt i 2010 av Havrefjell Turlag, Helle Naturfoto og Kragerø Turistforening. Kjøpe boka: ring telefon 41338602.