Gjerstadskogane

Gjerstadskogane (Gjerstad og Nissedal) er ein av svært få store statsskogar i vår del av landet. Her er det natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar og dette er ein viktig del av vårt felleseige.
Statskog har som eit av sine hovedmål å leggje til rette for jakt, fiske og friluftsliv for alle. Bilvegane står opne for alle som vil ut på tur (veiavgift).
Naturreservat i Gjerstadskogane
(Statskog SF er grunneigar også i desse reservata).
Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat - totalt 41752 mål, (av dette eig Statskog 35593 mål og 6159 mål er privat eigd).
Navassfjell naturreservat - 3985 mål eigd av Statskog, (av dette eig Statskog 2800 mål og 1185 mål er privat eigd).
Fossbufjellet naturreservat - 3751 mål eigd av Statskog.
Bjørnstadfjell 833 mål eig av Statskog.
Materialen naturreservat - 265 mål eigd av Statskog.
Fjosbumyra naturreservat - 130 mål eig av Statskog.
Gjerstadskogane har mykje natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar.

Mange fiskevatn
Gjerstad Jeger- og Fiskerforening, Risør JFF Tryta og Felle Fiskelag har gjennom mange år lagt ned mykje arbeid for å få fisken til å trivast i dei mange vatna.
Mykje dugnad
Svært mange menneske frå mange forskjellige lokale organisasjonar har i generasjonar brukt fritida si til dugnadsarbeid for friluftslivet i Gjerstadskogane. Dette området må bli ein del av fellesskapet også for dei neste generasjonane.

75 km med turløyper
Innanfor grensa til Gjerstadskogane er det 63 km med merka barmarksløype og 12 km med skiløype. Tabellen viser den delen av løypene som ligg innanfor statskogen.

Dei siste åra har det årleg vore registrert 5600 besøk på dei 5 toppane i løypenettet der Gjerstad IL og Havrefjell Turlag har turbok. Dette er likevel bare ein del av alle dei tusen som brukar Gjerstadskogane til mosjon og naturglede året rundt.

Turbok
Av badeplassar, vakre småtjern, opne lettgåtte svafjell, utkikkspunkt, gamle stiar, kulturminne og natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar, har vi så mykje at vi kunne ha skrive bok. Det har vi også gjort.

Gjerstadskogane er på heile 135 553 mål og ligg saman med Brødsjø Statskog i Drangedal på 31 266 mål.
Gjennom Statskog SF er Gjerstadskogane ein del av vårt felleseige. Eigedomen består av heile 45554 dekar i Nissedal og 89999 dekar i Gjerstad. Det er også vanleg å ta med Statskog Brødsjø i Drangedal med 31266 dekar som ligg like inntil.
(I karta nedanfor kan du zoome inn detaljar. Trykk på Jordressurs for å få vekk markslag).
Kart over Gjerstadskogane (del Nissedal)
Gjerstadskogane må ikkje privatiserast
Regjeringa har vedteke at Statskog skal auke sitt sal av enkelteigedomar (arronderingssal). Det er svært viktig at Gjerstadskogane og Statskog Brødsjø ikkje blir seld, men framleis får bli som ein del av vårt felleseige også for kommande generasjonar.