Me fekk ei stor naturoppleving i dag, då me vandra i eit vakkert og mest urørt snølandskap. Visst var det tungt å stølpe i aukande snø til toppen av Havrefjell. Sola våga seg fram, og tåka steig opp frå dalane omkring. Det singla i is og snø frå trea. Verda var stille og fredfull!Naturen har mykje å dele med oss…Tekst ...
Tusen takk til Dagsturgruppa og alle turleiarane som har planlagt turar, rydda løyper, gått opp turane på førehand, fyra bål og leia turfolket trygt fram på turdagen! Dette blir mykje og god dugnad!Tusen takk til alle turdeltakarane for vandring, fellesskap og glede! Tenk kor mjuke og spreke me blir!Til slutt: nokre utvalde glimt frå dei elleve onsdagsturane i Havrefjell Turlag ...
Årets siste onsdagstur starta kl 17 frå parkeringa ved Kleivvatn. Innan me hadde gått inn langs vatnet til gapahuken, var det blitt temmeleg mørkt. Tone Ellingsen og Olav Smestad hadde fyrt opp både bål og bålpanne, og gjort det stemningsfullt med fakkelboksar rundt omkring gapahuken. 18 turfolk samla seg rundt elden, prata ilag og naut varm saft og kaffe med ...
Nisteturen til Vedlausfjell med Barnas Turlag Havrefjell 27. oktober samlet mange små og store til en herlig høstdag i sol og til og med litt nysnø ☀ Takk for turen alle sammen! 😊Tekst og foto: May Yvonne Hjellvik.
Midt i ei veke med mykje regn og flaum, var det tid for onsdagstur i skogen ved Risør. Turen gjekk på god sti mellom dei tre tjennane. Det er samankobla røyrsystem mellom tjennane frå den tida dette var vasskjelda til Risør by og tremassefabrikk. Turen gjekk innom plassane Kvernsmyr og Rørkjær, med rast på Myrene. Det var blautt og glatt, ...
Nasjonal ramme for vindkraft droppes. Det nytter å engasjere seg! Takk for at dere har stått på for naturen sammen med oss. 👏Nå skal vi bidra til at Norge går i en retning som er både grønn og naturvennlig. Les mer på DNT.no her. 💚
Vi hadde en flott tur til Risfjell. Det møtte opp 16 turglade folk fra Gjerstad, Drangedal, Risør, Kragerø og flest fra Arendal. Vi hadde strålende vær og sola varmet godt på turen. Hovedpause var inne ved steinhytta. Foto: Knut Åkredalen og turleder Tove Urfjell
Det merkast at det har blitt oktober og haust. Onsdagsturen til Moskam (519 moh) gav oss blaute myrar, neddusa haustfargar og litt duskregn. Fjellet på Moskam var glatt, så eggen får vente til neste gong. Det var heller krofseleg på toppen, så matpausa blei nede i skogen i le for vinden. Stemninga var god blant folk og dyr, og praten ...
Havrefjell Turlag, Aust-Agder Turistforening og veldig mange fleire seier nå eit klart nei til planane om å ofre store delar av norsk natur for å satse på vindindustri. Klimaendringane som er vår tids største problem må stoppast utan å øydelegge vår villmark. Det finnast fleire meir miljøvennlege alternativ for energi som kan brukast mot den alvorlege klimakrisa. Les vårt svar ...
Havrefjell Turlag har nå gjennomført ei opprusting av løypenettet i Solhomfjell. Ein stor takk til Knut Hagelia for veldig mange dugnadstimar. Takk også til Statskog for støtte til arbeidet. Nå kan turfolket gå tørrskodd over blaute myrar, og vi håper at mange vil gå tur i løypenettet frå Heiland og innover i Solhomfjell naturreservat.I vinter leia Knut gjengen som måte ...
Søndagsværet, de som tok imot oss på vår vei og ikke minst turfølget på 60 store og små, skapte sammen en flott turdag søndag 22. september fra Østerholt og langs østsiden av Gjerstadvannet.Nesten over alt på vei og sti kunne vi se spor etter arbeidet med denne gamle rodeveien, som skulle være farbar for hest.På Tangen fortalte Anders Moe om ...
Onsdagsturen til Ormfjell og Havrefjell blei ein skikkeleg opptur på alle vis: landskapet, folka og veret! 14 blide folk frå mange stader starta turen i varm haustsol og litt kjølande vind. Me vandra over to toppar: Ormfjell (625 moh) og Havrefjell (638 moh), i eit gulnande haustlandskap. Me rasta ved båe toppane. Utsynet breia seg over heiar og fjell. Takk ...
Det sit langt inne for Dagsturgruppa å avlyse ein onsdagstur, men det nærma seg i dag. Før turstart silregna det, men det blei tilnærma opphalds under det meste av turen, før regn og tåke seig innpå att. Turen blei litt kortare og flatare enn først planlagt.Fem regnkledde turfolk vandra på Velausfjell (517 moh), og opplevde fine fjell og kroka furutre. ...
For en dag! 😃250 stk var med oss på KOM DEG UT - DAGEN på idylliske Camp Skarvann i dag. Over 100 stk/lag tok natursti og ei heldig mor vant førstepremien som var overnatting på nettopp Camp Skarvann. Rekorden på bruskassestabling ble hele 13 kasser, det er høyt. Flere padlet i fantastiske Skarvann, Zipline ble nye julegaveønsket for flere. Noen ...
Haustens første onsdagstur gjekk til Åsmyra innaføre Kleivvatn i Gjerstad. Turen starta frå parkeringsplassen ved Hekkentjenn, og gjekk oppover traktorvegen i skogen til Åsmyra. Hovudrasten var ved Åsmyrbua. Høybua blei restaurert for 10 år sidan. Heimover kom me snart inn på Bispevegen ned til Hekkentjenndammen, og vidare langs Hekkentjenn tilbake til bilane. Det er blautt i skogen for tida. Fleire ...
1. september kl. 12.00 - 15.00 er alle velkommen til Camp Skarvann der Havrefjell Turlag har gratis arrangement med mange spennende aktiviteter for store og små. Det blir klatreløype, klatrevegg, zipline, slakkline, bruskassestabling, natursti med premier og mye annet morsomt.Vår maskot Turbo blir med oss hele dagen og skaper liv og røre. Geokaperne fra Agder kommer og Kiwi Risør serverer ...
Barnas Turlag Havrefjells planlagde nistetur til Vedlausfjell 25. august er flytta til 27. oktober. Meir info. kjem seinare. Verforbehald.
Ny bru over bekken frå Løytesdalen blei 4. juli 2019 bygd av Havrefjell Turlag. Alle som går frå Sandtjønn under Havrefjell til Solhomfjell, eller i den T-merka løypa mot Uvdalen og Gautefallheia, kan nå passere på denne stabile bru. Ved stor vannføring har det vore vanskeleg å steingå denne bekken. Løypa er nå lagt om nokre få meter og nymerka ...
Morkheia (358 moh) er eit langt og skogkledd høgdedrag. Dei 29 turdeltakarane merka at det er bratt opp Lundvassliane frå Lundvann. Hovudmatpausa blei på Stølen, med utsyn over Mjåvann og Vrangvassheia. Løypa gjekk forbi fleire gamle buplassar til uthoppet for paragliding, med vidt utsyn over Trydal og grendene rundt. Siste delen av turen gjekk bratt ned lauvskogen til den gamle ...
Turen til Nyslåttheia blei ein lang tur i tåke og blautt føre. Me følgde T-løypa på veg frå Sandtjønn langs Spjotvatn og etter kvart på sti opp liane i skog og på glatte fjell. På høgda med utsyn over Orretjønnane tok me ut i terrenget. Me gjekk langs med tjønnane, over ei grøn blåbærlynghei og snart var me på Nyslåttheia ...
Det møtte opp 12 turglade personer, i tillegg til 4 turledere som skulle gå over Langfjell i dag. Ca. 10 km og 4.5t var turen. Logistikk med biler til Haukåsen Hyttegrend gikk greit. Oppstart ved Gaurak, tøft opp ca 2 km og ca 450 høydemeter før man kommer opp på platået og får fin belønning for strevet i form av ...