Turtips

Treng du tips til kor du skal dra på tur? Her er nokre turar vi anbefaler. Fleire turforslag finn du på UT.no - heile Noregs turplanleggar

Villmarkstur: Sandtjønn-Uvdalen  - Gautefallheia i Nissedal

23 km / 8 timar

T-merka løype gjennom urørt og vakker villmark. (T-merka av Havrefjell Turlag).

Les meir om turen på UT.no

Ved Kvenntjønnane.

Foto Ole Jakob Bråten

Fransåsenløypa i Risør

10,6 km / 1 dag

Løype som starter i Flisvika og går bl.a. opp til Fransåsen. Merka av Havrefjell Turlag. Utsikt og variert kulturlandskap.

Les meir om turen på UT.no

Frå Fransåsenløypa.

Foto Ole Jakob Bråten

Solhomfjell i Nissedal

Variert løypenett i Solhomfjell naturreservat opp til Branntårnet. God sti og opne fjell. Løypene blir merka av Havrefjell Turlag.

Les meir om turen på UT.no

Branntårnet på Solhomfjell (659 moh). Foto Ole Jakob Bråten

Risfjell i Gjerstad

9 km / 3 timar

Rundtur til Eivinds steinhytte og toppen av Risfjell. God sti og opne fjell med utsikt. Merka av Havrefjell Turlag.

Les meir om turen på UT.no

Risfjell (503 moh).

Foto Astrid Haukenes Bråten

Hasåsen ved Søndeled i Risør.

2,2 km/2 timar.

Start ved Søndeledtunet og følg bilveg. Eller start ved p-plass før Hasåsmyr. Kort og bratt sti til toppen. Vid utsikt. Turbok.

Les meir på UT.no

Mot Hasåsen 201 (moh) i horisonten.

Foto Ole Jakob Bråten

Hekkentjenn - Vedlausfjell

Gå på sti langs vestsida av Hekkentjenn i Gjerstad. Følg Bispevegen 6 km og deretter Vegårsheiløypa 3 km til Vedlausfjell i Nissedal. Les meir her.

Vedlausfjell.

Foto: Ingeborg Lobben Gjennestad 

Kronfjell i Nissedal

4,7 km/4 timar.

Bratt opp frå Fjonevegen først på traktorveg og seinare på fjell. Totalt 660 meter stigning. Vid utsikt.

Les meir om turen på UT.no

Kronfjell (925 moh).

Foto Ole Jakob Bråten

Vakthusheia i Risør.

4,5 km/3 timar.

Mykje brukt rundløype like ved Risør by. På sti gjennom skogen. Høgaste punkt er 128 moh. Vakker utsikt ut over havet.

Les meir på UT.no

Utsikt frå Vakthusheia.

Foto Aust-Agder Turistforening

Holmen Gård-løypene i Gjerstad

12,1 km/3 timar

Fleire alternative rundløyper i frodig kulturlandskap. Interessant lokalhistorie og rik flora.

Les meir om turen på UT.no

Holmen Gård.

Foto Ole Jakob Bråten