Alle er velkommen til årsmøte og fjellkveld onsdag 31. januar.

Kjell Bitustøyl
Kjell Bitustøyl

Alle er velkommen til årsmøte og fjellkveld på Lyngrillen, Brokelandsheia onsdag 31. januar kl. 18.00.
Vi får besøk av forfattar og fjellmann Kjell Bitustøyl frå Rauland, busett i Bø, som vil fortelje om tamreindrift og natur i Stesdalsheiane og på Hardangervidda. Han er ein mykje nytta og dyktig foredragshalder, som har har skrive bøkar om tamreinddrift på Hardangervidda og i Setesdalsheiane, samt ei bok om turisthytta Besso på Hardangervidda. Han er i dag tilknytta Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn kommune. Hans foredrag vil gje oss ei god naturoppleving og kunnskapar som er gode å krydre fjellturane våre med.

Kven er medlem nr. 500 i Havrefjell Turlag? På årsmøtet kjem medlem nr. 500, som vil få overrekt ei pakke med turutstyr.

DNT fyller 150 år.

Havrefjell Turlag fyller 15 år.

Ny bok om "Tamreindrifta i Setesdalsheiane".
Ny bok om "Tamreindrifta i Setesdalsheiane".

PROGRAM: 

  1. Val av møteleiar.
  2. Godkjenning av innkalling.
  3. Val av referent.
  4. Val av to frå årsmøtet til å underskrive protokollen.
  5. Årsmelding.
  6. Havrefjell Turlag 15 år
  7. Regnskap.                                                                         
  8. Driftsbudsjett.
  9. Val.

   10.  Saker eller forslag frå styret eller medlemmer.

  • Medlem nr. 500.
  • Presentasjon av turprogram for 2018.
  • Eventuelt.
  • Lysbiletefordrag av Kjell Bitustøyl.

   Enkel servering. Gratis inngang. Årsmøtet er som vanleg ope for alle.

Sak 5.   ÅRSMELDING FOR HAVREFJELL TURLAG 2017

Årsmøtet blei haldt 25. januar på Lyngrillen på Brokelandsheia. Svein Roger Dahlen frå Helle Naturfoto viste naturbilder.

Styret fekk slik samansetjing:  

Leiar: Morten Røed

Styremedlemer: Bodil Haugstveit Naume, Anne Drage, Knut Oddvar Nes og Ole Jakob Bråten. 

Varamedlemer: Helge Wroldsen og Knut Hagelia.

2. oktober trekte Morten Røed seg av personlege grunnar som leiar og gjekk også ut av styret. Styret valde då Ole Jakob Bråten som fungerande leiar ut perioden.

Valkomité: Unni Britt Hansen (leiar), Tove Urfjell og Kari Margrete Homdrom Eskeland.

Revisor: Tore Skarvang.

Styret valde Anne Drage som sekretær og Astrid Haukenes Bråten til kasserar, og det blei bestemt at Astrid møter i styret med talerett og utan stemmerett.

Styret har hatt 4 møter. Ole Jakob har deltatt på strategisamling i AAT. Han har med god hjelp av Dag Fagermyr (AAT) sendt søknad om spelemidlar til opprusting av turløypa Sandtjønn – Gautefallheia. Vi budsjetterer her med 85 000 kr i kjøp og 285 timar med dugnad.

Styret har i samråd med dugnadsfolk diskutert om vi skulle kjøpe Karibu (i Solhomfjell naturreservat) av Risør JFF Tryta, og har arbeida for å få ned prisen på vegavgifta på bilvegen til Havrefjell.

Friluftslivet er i medvind. Mange vil ut på tur. Dugnadsfolk deltar i arbeid for turlaget, men vi treng ennå fleire.


Styret oppretta følgjande underutval:

Arrangementutval: Anne Drage (leiar) og Bodil Haugstveit Naume. Astrid Haukenes Bråten og Tove Urfjell kom med i løpet av året.

Anleggsutval: Helge Wroldsen (leiar), Svein Rosland, Olav Brokeland, Knut Hagelia, Ole Jakob Bråten og Ståle Waasjø Øylandsdal.


BARNAS TURLAG HAVREFJELL

Linda Sandåker har vore leiar av Barnas Turlag Havrefjell, som har hatt 4 arrangement.


TURLØYPER OG DUGNAD:

Årleg vedlikehald blei utført i den T-merka løypa frå Sandtjønn til Gautefallheia (23 km), i løypene i Risfjell (10 km) og i Solhomfjell (16 km). Turbokkassene er måla og ein foreløpig informasjonsplakat montert på Havrefjell. Permanent plakat blir montert til våren.


MANGE BRUKAR LØYPENE

Heile 3969 er det siste året registrert i løypenettet i Gjerstadskogane på dei 5 toppane der vi har turbøkar saman med Gjerstad IL.

  • Drivheia: 273 (Lite snø)
  • Havrefjell: 2429
  • Solhomfjell: 770
  • Mjeltenatten: 218
  • Risfjell: 279 (ny rekord)

Ein person frå kvar bok er trekt ut, og har fått tilsendt premie. Turboka på Fransåsen er godt besøkt. Vi får mange positive tilbakemeldingar om godt løypenett og vakker natur.

Vi drifter teljeapparatet til Friluftsrådet Sør som siste år viser 2600 passeringar ved Havrefjell i sommarsesongen og 6600 ved Kleivvann i vintersesongen.


MEDLEMSTAL: 502. - Ny rekord!

Heile 33 nye. (+ 7 %). Størst auke på medlemmar under 40 år. Grunnen til dette er nok: 

  1. Innføring av familiemedlemskap og eige Barnas Turlag
  2. Auka interesse for friluftsliv


INFORMASJON

Turprogrammet blei trykt i eigen foldar i 2000 eksemplar, og sendt ut i posten til medlemmane. Turane blei også annonsert i Naturlos-brosjyra frå Friluftsrådet Sør. Vi har aktivt brukt Aust-Agder Blad, Vest-Telemark Blad og internett til å reklamere for våre arrangement.


Om vinteren har vi alltid ferske førerapportar frå skiløypene til Gjerstad IL ved Kleivvann. Vi har også link på heimesida til andre skiområde i våre tre kommunar.

Heimeside: https://havrefjell.dnt.no/

Facebook: https://www.facebook.com/Havrefjell

Vi har fått gode tilbakemeldingar frå arrangementa våre, som samla i gjennomsnitt 51 deltakarar. (Totalt ca. 616 deltakarar).

TAKK

Ein del av turane har vi arrangert i samarbeid med andre organisasjonar. Takk derfor til Gjerstad IL, AAT, Barnas Turlag Tvedestrand og Vegårshei, Sandtjønnlia Vel, Gautefall Turlag og til Gjerstad Menighetsråd. Slike fellesarrangement er viktige for å få med oss så mange.

Vi har også i år møtt stor velvilje i vårt arbeid, og vil her sende ein takk for hjelp og samarbeid til DNT, Risør-, Gjerstad- og Nissedal kommunar, Friluftsrådet Sør, Tvedestrand Boktrykkeri, private grunneigarar og Statskog, og til alle dei andre som har deltatt i arrangement og dugnadsarbeid for Havrefjell Turlag i 2017.

Mål

Vår viktigaste oppgåve er å få  folk ut på tur og gi dei rikelig med mosjon og  naturoppleving. Vi bør prioritere arbeid med barn og ungdom, og må derfor støtte godt opp om Barnas Turlag.

I 2018 bør vi auke satsinga på friluftsliv i Risør, som er den kommunen der vi har flest medlemmar.

Sak. 6    Havrefjell Turlag 15 år – kort oppsummering.

Stifta 2003 som Aust-Agder Turistforenings lokallag for Risør, Gjerstad og Nissedal kommunar.

Vi var då eit av dei aller første lokallaga innan turistforeningen i Sør-Noreg, og blei raskt ein suksess som inspirerte til fleire nye turlag. Vi hjelpte snart til med oppstart av Gautefall Turlag, som blei det første av 9 lokallag i DNT-Telemark. Og seinare med oppstart av Tvedestrand og Vegårshei Turlag og Fyresdal Turlag i AAT.

Barnas Turlag Havrefjell som blei stifta i 2015, har arrangert mange turar. Vi har fått stor auke av barne- og familemedlemskap.

Totalt har nesten 10 000 deltatt på våre arrangement, som alle har blitt gjennomført på ein sikker måte. Rundt 10 personar har fått hjelp til å avbryte turen p.g.a. helsa, men av skader er det berre oppstått mindre skrubbsår. Mange har fått gode natur-opplevingar og betre helse.

Saman med Gjerstad IL har vi turbøkar på 5 toppar Gjerstadskogane (Statskog). Her har vi dei siste 15 åra telt opp ca. 60 000 besøk.


Turløyper der vi har ansvar for vedlikehald: (totalt 73 km).

Fransåsenløypa (Risør) – 12 km.

T-løypa Sandtjønn – Gautefallheia (Nissedal) – 23 km

Løypenettet i Solhomfjell (Nissedal / Gjerstad) – 17 km

Løypenettet i Risfjell (Gjerstad) – 9 km

Bispevegen (Gjerstad / Nissedal) – 12 km


Dugnadshjelp vi har utført utan å ta fast ansvar for løypene: (Mange mil).

Hisåsen (Risør), Hølsknuten – Bjorneset (Risør), Trulsviknuten / Skarvann aktivitetspark (Risør), Randvikhalvøya (Risør), Brokelandsheia (Gjerstad), Holmen Gård-løypene (Gjerstad), Krigsminnestien (Gjerstad) og løypenettet i Havrefjell (Nissedal).


Andre dugnadsoppgåver

Branntårnet på Solhomfjell (Nissedal) i 2008. (Saman med Statskog).

Åsmyrbua (Gjerstad) i 2009. (Saman med Jostein Vestøl i Grendelaget Vestøl Vel).


Turistinformasjon:

Turlaget reklamerer aktivt om natur og friluftsliv i våre 3 kommunar, bla. via Heimeside, Facebook, avisartiklar, turbrosjyre, turbøkar og kart. Vi svarer på mange spørsmål via direkte kontakt, telefon, e-post, Facebook etc.


Bøkar og kart der turlaget har deltatt med dugnad. (Lokalkunnskap, skriving, korrektur, foto, GPS-registreringar eller liknande):

Natur og friluftsliv:

Turlaget er lokal høyringsinstans i ein del saker som gjeld natur og friluftsliv. Vi har eit godt samarbeid med dei tre kommunane, begge fylka, Miljøvernavdelingane ved begge Fylkesmannsetatane, Statens Naturoppsyn, Statskog, Private grunneigarar, Friluftsrådet Sør, DNT, Aust-Agder Turistforening, DNT-Telemark, Gautefall Turlag m.m.


Finansiering:

Heile 43 søknader om kommunale kulturmidlar. Mange tilskott frå Frifond. Heile 30 utrekningar / overføring av medlemskontingent frå AAT (desember og januar).

Sak 7.  Rekneskap 2017

Sak 8.   Driftsbudsjett 2018

Sak.9   VAL

Her er dei som er innstilt frå valkomiteen (tykk skrift) og dei som ikkje er på val i år:

Styret:

Leiar: Ole Jakob Bråten, Gjerstad, (veljast for 1 år). (Ny posisjon).

Styremedlem: Ståle Waasjø Øylandsdal, Risør, (veljast for 2 år). (Leiar i arrangementsutvalet). (Ny).

Styremedlem: Anne Drage, Risør, (veljast for 2 år). 

Styremedlem: Bodil Haugstveit Naume, Risør, (på val 2019).

Styremedlem: Knut Oddvar Nes, Nissedal, (på val 2019).

Varamedlem: Helge Wroldsen, Gjerstad, (veljast for 1 år). (Leiar i anleggsutvalet).

Varamedlem: Knut Hagelia, Gjerstad, (veljast for 1 år).

Valkomité:

Tove Urfjell, Risør, (på val 2019).

Kari Margrete Homdrom Eskeland, Gjerstad, (på val 2020).

Ingrid Felli Sandåker, Nissedal (veljast for 3 år). (Ny).

Revisor:

Leif Inge Urfjell, Risør, (veljast for 1 år). (Ny).

Skrevet av Ole Jakob Bråten 30. januar 2018