Det blei tur til Maristjenn

Pause i regnskogen.
Pause i regnskogen. Foto: Anne Gunn Østerholt

Onsdagstur i Havrefjell turlag til Risfjell i Gjerstad 22.05.19 blei tur til Maristjenn.

Grunna uver blei det ein kortare tur i skogen med færre glatte og bratte fjell. Nytt turmål blei Maristjenn! Turen starta ved Heiland, og gjekk opp grusvegen og inn i skogen ved Stemtjenn. Løypa gjekk over bekkar og nykloppa myrar, og opp bratte blåbærlier til fjella før Maristjenn. Matpausa blei stutt og ståande i regnveret for dei fleste. Tåka letta, og vakre Maristjenn dukka fram. Heim att same vegen.

Takk til turleiarane Annie og Morten Røed som planla Risfjellturen. Kåre Dalane og Anne Gunn Østerholt blei og med som turleiarar til Maristjenn. Takk til 12 tøffe turfolk for ein kalli fuktig og forfriskande tur!

Tekst: Anne Gunn Østerholt. Bilete: Anne Gunn Østerholt og Kåre Dalane.

Regnversdag ved Heiland.
Regnversdag ved Heiland. Foto: Anne Gunn Østerholt
Før turstart.
Før turstart. Foto: Anne Gunn Østerholt
Ståande matpause.
Ståande matpause. Foto: Kåre Dalane
Blaut sti.
Blaut sti. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matpause med paraply.
Matpause med paraply. Foto: Kåre Dalane

Skrevet av Ole Jakob Bråten 23. mai 2019