Ny bru i løypa til Solhomfjell

Knut Hagelia og Olav Brokeland.
Knut Hagelia og Olav Brokeland. Foto: Olav Smestad

Ny bru over bekken frå Løytesdalen blei 4. juli 2019 bygd av Havrefjell Turlag. Alle som går frå Sandtjønn under Havrefjell til Solhomfjell, eller i den T-merka løypa mot Uvdalen og Gautefallheia, kan nå passere på denne  stabile bru. Ved stor vannføring har det vore vanskeleg å steingå denne bekken. Løypa er nå lagt om nokre få meter og nymerka over brua.

Takk til dugnadgjengen frå Havrefjell Turlag med Olav Brokeland, Olav Smestad, Knut Hagelia og Oskar Hagelia for godt og nyttig dugnadsarbeid. Takk også til Statskog som er grunneigar i området.

Olav Brokeland, Knut Hagelia og Oskar Hagelia.
Olav Brokeland, Knut Hagelia og Oskar Hagelia. Foto: Olav Smestad
Brubyggarane Knut Hagelia, Olav Brokeland og Olav Smestad.
Brubyggarane Knut Hagelia, Olav Brokeland og Olav Smestad. Foto: Oskar Hagelia
Den nye brua til Havrefjell Turlag over bekken frå Løytesdalen.
Den nye brua til Havrefjell Turlag over bekken frå Løytesdalen. Foto: Olav Smestad

Skrevet av Ole Jakob Bråten 4. juli 2019