Frå onsdagstur til Moskam i Nissedal

Turleiarane Tordis Brekka og Mary Lie i vinden.
Turleiarane Tordis Brekka og Mary Lie i vinden. Foto: Anne Gunn Østerholt

Det merkast at det har blitt oktober og haust. Onsdagsturen til Moskam (519 moh) gav oss blaute myrar, neddusa haustfargar og litt duskregn. Fjellet på Moskam var glatt, så eggen får vente til neste gong. Det var heller krofseleg på toppen, så matpausa blei nede i skogen i le for vinden. Stemninga var god blant folk og dyr, og praten flaut lett. 6 turfolk og 3 bikkjer delte gode turopplevingar.

Takk til turleiarane Mary Lie og Tordis Brekka for ein gild tur.

Tekst: Anne Gunn Østerholt.                                                                                              

Bilete: Anne Gunn Østerholt og Kåre Dalane.

Endeleg tytebær på tur.
Endeleg tytebær på tur. Foto: Anne Gunn Østerholt
Tursjarmøren.
Tursjarmøren. Foto: Anne Gunn Østerholt
Matpause i Lyngen.
Matpause i Lyngen. Foto: Kåre Dalane
Glatt opp på Moskam.
Glatt opp på Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt
Utsyn frå Moskam.
Utsyn frå Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt
Turfolk på Moskam.
Turfolk på Moskam. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 3. oktober 2019