Frå onsdagstur til Gryting i Gjerstad 14.10.20

Start frå Stormyrvegen.
Start frå Stormyrvegen. Foto: Anne Gunn Østerholt

Det blei strålande sol frå blå himmel på haustens siste Onsdagstur. Rundturen starta frå Stormyrvegen på Gryting og gjekk over Hageliåsen til Båsvann og Fløytarbua, der me hadde ei god nistepause ilag. Heimover gjekk turen forbi Skogeråstjenn til Båsvann, og stien tilbake til bilane. Turen er 9 km.

Undervegs kom me forbi gamle buplassar med og utan hus, som Heistad, Per-Alis og Øygarden (Venli), og ei gamal høybu.

Takk for turen til 40 spreke turfolk og 1 bikkje frå Grimstad, Arendal, Vegårshei, Risør og Gjerstad. Takk til turansvarleg Knut Hagelia for ein fin tur og gode historier om folk og stader.

Me ønskar velkomen til nye Onsdagsturar etter påske i 2021! Velkomen til Turtreff på dagtid til vintaren!


Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.


Last ned kart her frå denne fine turen:

Turansvarleg Knut Hagelia og turleiar bak Olav Smestad.
Turansvarleg Knut Hagelia og turleiar bak Olav Smestad.
Båsvann.
Båsvann. Foto: Anne Gunn Østerholt
Infopause på hytta ved Båsvann.
Infopause på hytta ved Båsvann. Foto: Anne Gunn Østerholt
Husmurar ved Per-Alis.
Husmurar ved Per-Alis. Foto: Anne Gunn Østerholt
Nistepause ved Fløytarbua.
Nistepause ved Fløytarbua. Foto: Anne Gunn Østerholt
Skogeråstjenn.
Skogeråstjenn. Foto: Anne Gunn Østerholt

Skrevet av Ole Jakob Bråten 15. oktober 2020