OA Brokeland fekk Gjerstad kommunes kulturpris

OA Brokeland.
OA Brokeland. Foto: Ole Jakob Bråten

Det er veldig velfortent når Olav (OA) Brokeland i år blei tildelt kulturprisen for allsidig og frivillig arbeid gjennom svært mange år. I Havrefjell Turlag har han vore ein av våre mest aktive dugnadsfolk. Han har vore aktiv heilt frå første møte i interimstyret i 2002, han har vore medlem av styret og anleggskomiteen, vore kasserar, drifta spelemiddelsøknad, deltatt på løypedugnad og vore ein god turleiar på mange interessante turar m.m. OA er ein som stadig bidrar med kunnskap og støtte til styrets arbeid på fleire felt.

Han har også i mange år vore aktiv på dugnad i Gjerstad Idrettslag, Aust-Agder Orienteringskrets, Gjerstad Historielag m.m.

OA er ein lagspelar som ikkje liker å framheve eigen innsats. Han har vore med på svært mykje av det som har skjedd i arbeid for friluftslivet i Gjerstad. Han stod som Miljøkonsulent først ansvarleg for den store planen med merking av turløypene i Gjerstadskogane.

Seinare var han aktiv i arbeidet med vassdragsplanen, som enda med eit stort løypenett langs vassdraget frå Gjerstad til Søndeled og ein Kulturminneguide for Gjerstadvassdraget. Han har også gjort mykje dugnad i løypene ved Holmen Gård, Brokelandsheia, restaurering av Branntårnet på Solhomfjell m.m.

Han har også gjort ein viktig innsats med innsamling av stadnamn, slik at feil stadnamn på karta forhåpentlegvis ein gong kan bli retta.

Dei siste åra har han gjort dugnad i løypenettet mellom Eikeland og Holte og vore med på å skrive boka «I grenseland».

Til glede for mange veljar OA å gi prispengane på 10 000 kr til Gjerstad IL sitt skiløypeprosjekt på Vestøl.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 18. november 2021