Skiføret: Kleivvann - Vestøl

1 cm nysnø og fine forhold ved Kleivvann 01.03.2022.
1 cm nysnø og fine forhold ved Kleivvann 01.03.2022. Foto: Olav Smestad

Tysdag 12. april 2022 kl. 07.50: Siste løypekjøring denne sesongen blei på palmesøndag med klassisk spor og brei skøyteflate: Kleivvann - Steinvorstjenn og i bakken opp til den nye gapahuken. For spesielt interesserte er det mogeleg å gå på ski i løypene også i dag. Ein stor takk til Gjerstad IL for fantastiske løyper gjennom ein lang og god ski-vinter!

Last ned løypekart her. 

Ved Kleivvann blir det brøyta veg for at du skal kunne gå på ski. Skal vi klare å fortsette med dette må du betale vegavgifta på kr. 30 eller årskort kr. 300 på vipps nr. 594895, som går til brøyting og vedlikehold av vegen. Bli også med på dugnaden, og støtt Gjerstad IL med eit bidrag på konto 29070504780 eller på Vippsnr. 124183.

Skrevet av Ole Jakob Bråten 9. april 2022