SLIK KOMMER DU TIL KLEIVVANN

Ta av frå E18, Fylkesveg 418 mot Gjerstad i 11, 5 km. Derifrå er det skilta mot Kleivvann.

Betalingskasse for vegavgift står like etter innkjøringa på skogsbilvegen:  30 kr pr. bil, eller årskort. (Kontant betaling).

(Årskort på 300 kr kan løysast i betalingskassa. Skriv då årskort frå dato til dato).

Veg og parkering blir brøyta for at du skal kome på skitur. Dette koster penger og vi er avhengig av at alle blir med på dugnaden og betaler vegavgift.

ALLE MÅ BLI MED PÅ DUGNADEN

Skiløypene ved Kleivvann er eit stort dugnadsprosjekt der folk frå Gjerstad IL uten betaling brukar fritida si til å kjøre løyper, og der alle grunneigarane uten betaling har disponert sin eigdom til skiløyper og parkering. Bilvegen innanfor Kleivvann blir stengt om vinteren for å brukast som skiløype. Om sommaren står bilvegen open for alle som vil besøke dei fine turområda.

Parkering: Sett bilen godt inn mot snøkanten og parker tett, slik at vi får plass til alle dei som bruker løypene.